Fredags kos.......................

Forstår ikkje heilt kvifor vi gler oss slik til denne fredagskvelden. Heile veka går med til å vente på fredag, vi har omtrent nedtelling frå søndagskveld til fredags ettermiddag - og for kva?

Heile fredagen er eit rimelig mas og tjas. Stressa heim for å bjønde på helgevasken. Tenk visst naboen ser at ein ikkje vaska til helga- Kjære vene....

Teppe skal ristast , golva skal skrubbast, vindu må pussast og alt støv som har samla seg på den siste veka må fjernast med kirurgisk pressisjon. Når hovudetasjen skine og lukta grønsåpe nesten heilt bort til naboen er det tid for å takle ungane sine domene. Sengkle skal vaskast. Nymotens teppe ( med andre ord brukte kle som av ein eller annan grunn høyre til på golvet ...) må ryddast. Fat, glas og koppa som har samla seg opp iløpet av ei veke, som merkeleg nok ikkje finne vegen opp i oppvaskmaskina av seg sjøl, må ryddast.

Når ei endelig trur ei kan sette meg ned , sann ca etter midnatt, kanskje med eit glas vin....kva er det fyrste som møte meg i toppen på trappa?
Jau ein hund som har leita fram fleire hybelkanine ( trur han gjøyme dei slik at han kan leite dei fram for å plage meg....) hoppande og sprettande - klar for ein tur!
Puh - kva fredagskos...........................

Enda verre er det no når vi nærma oss Jul!
Adventskos! Adventstress burde det heite. Stresse begynde fyrste helga i advent og helde på til vi sitte sure og grinet ned i sofaen med julepapiret flytande rundt beina på julafta.

Slite litt med prestasjonskrava til fyrste helga i advent.
Nabodamene har allereie fått på plass både julegardine, julestjerne og sjuarma lysestake!! Eimen av julemanna helde oss fanga så snart vi stikke nasa utafor døra.
Ungane kjem heim og fortel om venar som allereie har hatt to juleverksted- baka tre julekakesortar og gjort frå seg julehandelen!

Nei , takke meg til mandaga, då er det heldigvis heile fire daga til bøttebaletten begynde igjen.....

Men, men eigentlig så gler eg meg til både adventstid og julekos, gler meg både til baking og julegåve handling, juleverkstad og julegave laging. Gler meg til åtilbringe ei rolig og koselig juletid og julaft ilag med dei eg er glad i, men kanskje ikkje akkurat på fredag......

PS taket er no kvitt

Dikt til ettertanke

Du skal være tro.

Men ikke mot mennesker som i gold grådighet henger ved dine hender.
Ikke mot noe ideal som svulmer i store bokstaver
uten å røre ved ditt hjerte.

Ikke mot noe bud som gjør deg til en utlending i ditt eget legeme.
Ikke mot noen drøm
du ikke selv har drømt.

Når var du tro?
Var du tro når du knelte i skyggen av andres avgudsbilder?

Var du tro når dine handlinger overdøvet lyden av ditt hjertesalg?
Var du tro når du ikke bedrog den du ikke elsket?
Var du tro når din feighet forkledde seg og kalte seg samvittighet?

Nei.
Men når det som rører ved deg gav tone.
Når din egen puls gav rytme til handling.
Når du var ett med det som sitret i deg.

Da var du tro!


~ André Bjerke

Køyretur på jobb

Tysdags morgen, for eingangskyld hadde eg greit med tid. Minimalt med stress, fikk levert minstemann på skulen , kom meg inn på veien i Dimnakrysset uten å stå fem min i kø.................god start !
Er så heldig at eg har ny bil med rimelig grei motor ( he he he ) kanskje ikkje det beste når du lika å køyre bil men, men.
Nærma meg rundkøyringa, ingen bila å sjå verken foran eller bak - flaks, det skjer aldri! Måtte berre gi gass ut av rundkøyringa, kjennde at bilen skaut fart - idag skulle turen på jobb gå greit ! 80 sona skulle gå litt forare( ca 90....) enn vanlig, men kva skjer , jauda , 200 m lenger framme tusla det ei kø på 4 bila!
Noken hadde FRYKTELIG god tid. Putrande i 50 i 80 sona!
Greit nok at vi har november, men det er faktisk 9 varmegrade å bære vega. Ingen frost eller is i sikte, ivertfall ikkje i lavlandet! Bør vel kunne gå å halde fartsgrensa?
Sida vi bor på ei øy er det vel mulig at personen som leda køa skulle rekke ferga, men det hadde vore greit at sjåføren hadde ei viss aning om trafikken rundt seg! Er desverre ikkje alle som har god tid på morgenen - deriblant eg og tre til .


Iallefall vi putra over eidet - selfølgelig var det umulig å køyre forbi. Nærma oss siste rundkøyring - Murphy`s law, der traff vi fergekøa - det skulle no berre mangle at den"høffelege " sjåføren som hadde nytt natur og brukt tysdagsmorgene til ein søndagstur midt i pendalrushet sleppte heile fergekøa gjennom rundkøyringa fyrst ! Grrrrrrr

Resultate ; starta morgenen med god tid og godt humør. Ankom jobben skjennande ( stakkars kollega ) med høgt blodtrykk og altfor mykje adrenalin!! Bruka vel nokre minutt på å få vekk det.............

Ellers, taket er fortsatt ikkje mala............., men listene er komt ned :-) Tusen takk mannen min

Venteliste

Venteliste - tenk at eit ord kan skape så store reaksjonar.............Kjenne at eg blir klam etter ryggen, pulsen stige og eg blir stressa berre eg tenkje på ventelista vår. Skal vel vere glad for at vi har mykje å gjere , men det blir ganske ubehagelig til tider.

Ein ting er den konstant dårlege samvittigheita ein har, skulle så gjerne hjelpe alle med ein gong, men det er berre ikkje mulig. Korleis kan ein forklare det til nokon som har venta i 2mnd med aukande smerte, søvnplage og depressjona............Hjelpe liksom ikkje å seie "gjer så godt vi kan ".
Det verste er når personen i andre enden av telefon blir sint, hissig og truande, akkurat som det hjelpe - blir ikkje fleire ledige tima av det.
Skulle ønske vi kunne utvide døgnet med eit par tima - kanskje logistikken ville gå opp då. Kven veit, lov å håpe.

Nei, no er det helg - to heile daga utan trasige telefona og menneske som har det lide.
Skal berre bruke dagane ilag med dei tre som er viktigast i live, mann og to herlige guta ( ein tenåring, puh)
Kanskje blir det husvask ( sannsynligvis ikkje ..........) blir vel helst caffe latte og gulerotkake på verdens beste kaffisjappe ;Kaffikari!

Taket har fortsatt ikkje blitt mala, skittentøykorga er full, strykehaugen er enorm, men DET ER HELG :-)

endelig kveld..............

Eller kveld og kveld, blir vel aldri "fredelig " kveld i huset lenger no når ungane har blitt tenåringa..skal eg ha litt fred må eg nesten opp før " sola skin " i helgane - då er det eit stakkars håp om ein rolig kaffikopp og avisa, men, men

Har akkurat komt tilbake frå eit møte i skuleregi. Polentur står på programe om 2 år!!Klare no ikkje å planlegge kva som skal skje neste veke, korleis skal ei klare å tenke på kva som skal skje i haustferien om 2 år!!! Ting gjekk etter oppskrifta ( ikkje mi ,men andre si) vart atter eingang valgt inn i arrangemang komite. Lure på korfor..............sete no stilt å fint i eit hjørne.

Klokka har blitt 21.30, skulle eigentlig ha mala kjøkkentaket, men det frista mest å sette sei ned å ikkje gjere noken ting. Kanskje take kan vente til imorga - det går no ingen plass.

Håpe morgadagen føre med sei litt meir energi - stor sannsynligheit for det sia det er fredag!