Sommarferien


                               
Laurdagskveld , siste laurdagskveld i årets sommarferie !
4 veke med avslapping og familieliv har gått som ein røyk.

Ei veke med besøk frå England. Vener som vi ikkje har sett på 4 år, men som vi likevel kan invitere heim og vete at vi vil få ei flott veke. Samholdet, trivselen og fellesakpet frå tidlegare tider er der framleis.
Praten går om laust og fast, om daglegedagse problem ( forbausande like sjølv om vi er i Norge og dei er i England ), om type 1 diabetes, foreldre - familie etc etc. Latteren set laust, gamle historier kjem fram ( passa best seine nattetima ...) Avskjeden kom altfor fort, latteren blei til tåre på flyplassen og avtale om å sjåast ein gang iåret er gitt. ( juleshopping i England, jau det går det ...)

Ei fantastisk veke med Englandsbesøk blei etterfølgt av tre veke med rolig , avslappa familieliv på Kanariøyane. Sløve morgena med lange frokosta, avbrutt av plaskinga i bassenget, lange daga med ei god bok på stranda, shopping i Las Palmas, Aqualand og Palmitos Park.
Hmmmm deilige daga!!
Batteria skulle vere ladda til eit nytt arbeidsår !

Heimreise og skulestart kom på same dag.
Trening og kamp på torsdag, fotballkamp på fredag og fotball turnering på søndag - er ikkje mykje anna å gjere enn å krumme nakken, brette opp armane og stupe inn i kvardagen.........

Neste veke er det jobbstart. Ettermiddagane er fulle av fotballtrening, fotballkamp. dans, kor og golf. Det rare er at eg faktisk har savna " kvardagen min ".
Godt med ferie, men det er jammen godt å kome i rutine igjen :-)

Litt nytt blir det på jobbfronten i haust .....pilates gruppe :-)