Køyretur på jobb

Tysdags morgen, for eingangskyld hadde eg greit med tid. Minimalt med stress, fikk levert minstemann på skulen , kom meg inn på veien i Dimnakrysset uten å stå fem min i kø.................god start !
Er så heldig at eg har ny bil med rimelig grei motor ( he he he ) kanskje ikkje det beste når du lika å køyre bil men, men.
Nærma meg rundkøyringa, ingen bila å sjå verken foran eller bak - flaks, det skjer aldri! Måtte berre gi gass ut av rundkøyringa, kjennde at bilen skaut fart - idag skulle turen på jobb gå greit ! 80 sona skulle gå litt forare( ca 90....) enn vanlig, men kva skjer , jauda , 200 m lenger framme tusla det ei kø på 4 bila!
Noken hadde FRYKTELIG god tid. Putrande i 50 i 80 sona!
Greit nok at vi har november, men det er faktisk 9 varmegrade å bære vega. Ingen frost eller is i sikte, ivertfall ikkje i lavlandet! Bør vel kunne gå å halde fartsgrensa?
Sida vi bor på ei øy er det vel mulig at personen som leda køa skulle rekke ferga, men det hadde vore greit at sjåføren hadde ei viss aning om trafikken rundt seg! Er desverre ikkje alle som har god tid på morgenen - deriblant eg og tre til .


Iallefall vi putra over eidet - selfølgelig var det umulig å køyre forbi. Nærma oss siste rundkøyring - Murphy`s law, der traff vi fergekøa - det skulle no berre mangle at den"høffelege " sjåføren som hadde nytt natur og brukt tysdagsmorgene til ein søndagstur midt i pendalrushet sleppte heile fergekøa gjennom rundkøyringa fyrst ! Grrrrrrr

Resultate ; starta morgenen med god tid og godt humør. Ankom jobben skjennande ( stakkars kollega ) med høgt blodtrykk og altfor mykje adrenalin!! Bruka vel nokre minutt på å få vekk det.............

Ellers, taket er fortsatt ikkje mala............., men listene er komt ned :-) Tusen takk mannen min

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar