Blås bort dag på fjellet

Blås bort dag på fjellet





Laurdag kveld bestemmte vi oss for å bruke søndag til litt toppsanking. Håpe var å få nyte fineveret med å gå ein lengre fjelltur, helst i shorts å t-skjorte, men den gang ei .....

Sommarveret frå laurdag uteblei så ull skjorta og lang fjellbukse vart leita fram, medan hue og hanskane blei pakka i ryggsekken, i tilfelle det skulle bli kaldt.
Kjølig blei det rimelig raskt. Vi hadde ikkje komt opp på Kiberget før både hue og hanska var komt på plass.

Mosvarden
Fyrste målet var Mosvarden. Litt vått og trasig var det opp , men turen gjekk heilt greit. Vi hutra litt i vinden på toppen så noke puste pause blei det ikkje. Donna ( pappilonen vår som trur ho er fjellhund ) leda oss bortover mot Lillebroren og Storebroren i godt tempo. Utsikta til Skafjellet og Holstadhornet avslørte at nokre andre sjeler hadde utfordra vinden å trekt opp på fjellet.

Vinden løya litt oppover mot Lillebroren, heldigvis. Terje og eg rota oss opp ein nymerka sti, ingen god ide, både merkingane og stien forsvann fort så der gikk vi traska i lyng å våte myr.....men, men. Lillebroren er no offisielt på lista over toppar som er bestegne i løpet av våren.
Sarshornet og Breidfjellet
Turen bort på Storebroren gjekk radigt. Utsikta her var faktisk flott sjølv om skylaget låg lavt over toppane.

Etter ein liten pause på Storebroren (  Donna trengde en pust i bakken ...) traska vi vidare mot Sarshornet og deretter til Breidfjellet. Stiane til Sarshornet og Breidfjellet var tørre og fine så turen gjekk rimelig raskt. Må innrømme at ej hadde glømt den fine utsikta ein får når ein går frå topp til topp her ute.
Mot Breidfjellet



Dagens siste topp var Roppehornet. Føltest virkelig som vi var komt til Flø. Vinden auka på og vart riktig kald.
Stien frå Roppehornet og ned til Gossneset baud nok på dei største vanskeligheitene denne dagen. Kan ikkje huske at dei var så smale og gjenngrodde sist gang eg gjekk der.....
Terje på Roppehornet
Søndagen var velykka. Lista over toppa er no begynt å bli full. Etter søndag gjennstår heile 1 topp : Kongsvollen !
Planen er at den skal "takast" før helga. No er det alt blitt onsdag kveld. Kan vel holde hardt å rekke Kongsvollen før helga, litt mykje som skjer på fritida med ein 16 åring som har muntlig eksamen og ein 12 åring som skal i selskap histen og pisten.
På Breidfjellet

Fredagskveld

Fredag he blitt laurdag å ej sitte fortsatt å nyte sommaren. Rett nok har ej flytta inn i vinterhagen, sommaren er ikkje komt så langt at det spessielt varmt ute på dinne tida av døgnet !

Blir like forundra over naturen vi er omgitt av her i fjørekanten. Fjelltoppa dekte av snø omkransa oss på alle kanta. Have ligge speilblankt og lar en rosa farga himmel speile seg.
Det er ikkje rart en blir sittande oppe med levande lys å nyte utsikta :-)

God natt til alle ! Håpe laurdagen blir like bra som det tegna til !

Fjellturar

 Oppdatering på topp lista


Sjølv om forma har vore laber dei siste 7 vekene har eg jobba meg jamt og trutt gjennom lista mi med " toppar " på øya. Rett nok har eg ikkje gitt meg ut på dei lengste og høgaste turane , men eg har hatt mange fine opplevingar opp i høgda ilag med hunden og mannen.

Vi har heldigvis vore så heldige at sola har kika gjennom skylaget, noko som gjer det lettare å drage kroppen over dørterskelen og ut i fjella. Smørkinna, Sneldelida, Løkeberget, Huldrehornet, Åsefjellet, Ulsettua ( her har nokon bomma med navnsetting, vil no sei at dette er litt meir enn ei tue......) og Hjørungneshornet er nokre av dei korte turane.

Forrige veke var eg så heldige å få med meg ei venninde , Merete , på Holstadhornet og Skafjellet. Sola skein, turterrenget var overaskande fint og ikkje minst - eg hadde veldig kjekt turfølge. Alle ingrefiensar for ein fin turkveld ! Har faktisk aldri vore på Holstadhornet så det vart ein positiv overaskelse, anbefala alle å prøve den. Vi gjekk opp øvst i Geilane, veldig grei start opp gjennom skogsveien før du går over på ei god rås som tek deg opp og ut av skogen. Traska oss på Holstadhornet fyrst før vi gjekk mot Skafjellet ( i ganske bra motvind ) og enda med å gå ned skogsveien til Geilane at.

Kjekkaste turen den siste tida var nok igår. Eg har snakka om å take turen opp på Haddalshornet og Blåtind. Litt motvillig greip eg sjangsen når husbonden inviterte meg med på Haddalshornet via Klungsgylet !! Burde vel forstå tegninga når hunden måtte vere heime fordi det blei litt bratt! Enda klarara var vel teikna på korleis turen skulle bli når han pakka øksa ned i sekken ....., men , men når ein har sagt A må ein vel seie B også.

Gjekk forsåvidt heilt greit til vi kryssa elva å skulle begynde på Klungsgylet - det såg noke bratt ut i mine auge ....
Smilet var nok litt anstrengt før vi starta på turen oppover !

Men for en opplevelse!

Bratt blei det , usikker var eg nokre plassa, men eg kom meg opp!
Godt var det at øksa var på plass i sekken - den kom godt med nokre plassar opp gjennom fjellsida.
Midt opp i gylet fekk vi besøk av Arnt. Kjekt var det , spesielt på eine punktet vi måtte over,  der var det greit å ha kjentfolk til å vise vei framover samtidig som eg hadde ein bak i tilfelle eg trengte hjelp. ( Klarte meg heldigvis sjøl, med litt veiledning :-) )
Turen opp gjekk egentlig veldig greit. Det var noke vått i marka på somme plassar, men ikkje så gale at eg følte det var glatt og sleipt. Blir nok fleire turar opp denne vegen. Med fare for å høyrest kjepphøg ut så blir det nok litt kjedelig  ( litt tøff i trynet no...) å gå stien opp heretter . Håper berre på litt bedre ver neste gang.

Terje og eg avslutta kvelden med ein tur bort på Blåtind. Veret vart både kaldt å ufyselig før vi kom oss på toppen, men det var verdt det !
No har eg att 5 toppar på lista mi. Kongsvollen, Mosvarden, Storebroren, Sarshornet og Breidfjellet, to kveldsøkte til så er det gjort.
 Lure på kva eg skal finne på etter på. Blir vel godstolen og tv då.........