Venteliste

Venteliste - tenk at eit ord kan skape så store reaksjonar.............Kjenne at eg blir klam etter ryggen, pulsen stige og eg blir stressa berre eg tenkje på ventelista vår. Skal vel vere glad for at vi har mykje å gjere , men det blir ganske ubehagelig til tider.

Ein ting er den konstant dårlege samvittigheita ein har, skulle så gjerne hjelpe alle med ein gong, men det er berre ikkje mulig. Korleis kan ein forklare det til nokon som har venta i 2mnd med aukande smerte, søvnplage og depressjona............Hjelpe liksom ikkje å seie "gjer så godt vi kan ".
Det verste er når personen i andre enden av telefon blir sint, hissig og truande, akkurat som det hjelpe - blir ikkje fleire ledige tima av det.
Skulle ønske vi kunne utvide døgnet med eit par tima - kanskje logistikken ville gå opp då. Kven veit, lov å håpe.

Nei, no er det helg - to heile daga utan trasige telefona og menneske som har det lide.
Skal berre bruke dagane ilag med dei tre som er viktigast i live, mann og to herlige guta ( ein tenåring, puh)
Kanskje blir det husvask ( sannsynligvis ikkje ..........) blir vel helst caffe latte og gulerotkake på verdens beste kaffisjappe ;Kaffikari!

Taket har fortsatt ikkje blitt mala, skittentøykorga er full, strykehaugen er enorm, men DET ER HELG :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar