Inspirasjon

Inspirasjon

Eit lite ord med stor betydning.
En kan vel trygt sei at eg ikkje har hatt inspirasjon til skriving den siste tida, eller det siste året. Trur siste innlegget eg hadde på bloggen min var i 2010!
Den siste tida har ting endelig endra seg. Overskuddet og skrivekløen er på vei tilbake. Kanskje ikkje dei same tema som tidlegare , men eg har funnet tilbake til ein lidenskap ( som har vore godt gøymd ...), ein lidenskap som har gjort at skrivekløa sakte men sikkert leita seg fram. Til irritasjon for nokre , men til glede for meg :-)


Morgenen den 29 desember 2011 stod eg skjelvande i gangen heime. Utstyrt med ei godt brukt fjellbukse,  ikkje verdens beste fjellsko og ein over ivrig og optimistisk husbonde . Av ein eller annen grunn ( sannsynligvis hadde kvelden/nattas inntak av vin og sushi i godt lag ein stor del av skylda..) hadde eg latt meg overtale til ein rask tur opp Hammarselva og Hestedamselva med Blåtind som endelig mål. Nervøs var eg vel ikkje så mykje for turen i seg sjølv - det hadde vel helst noko med turselskapet, Arnt og Anne , "fjellfolk" som tilbringe mesteparten av fritida si på dei høgaste og flottaste toppane rundt om i både innland og utland, ja også husbonden Terje  ( ikkje minst ).
Mine verste forutanelsar om avsviming , oppkast og blodsmak vart gjort til skamme! Bedre turselskap skal du leite lenge etter."Sti valget" var midt i blinken. Sjølv om mi godt brukte fjellbuksa drakk vatn og gladelig delte av overfloda med høgre og venstre fjelsko så var  interessa for fjellet pirka på . Heldigvis hadde eg blitt fortalt at plastposa i skona på slike turar var ein god ting.....



Etter turen til Blåtinden har det vorte stadig fleire og lengre tura. Fantastiske opplevinga med haudelykt på kveldstid. Lengre turar på dagtid og naturopplevelsar sjølv i gjørme og godt Sunnmørskt pissregn.
Nye fjellsko og ny fjellbukse er på plass og har blitt behørlig testa i all slags Vestlandsver.


Den finaste turen hitil iår var nok søndagsturen ilag med Donna ( husets Papillon som trur ho er jakthund...) og husbonden. Vi starta søndagsformiddag på Flø. Trava oss i solskin til Skolma, trampa over breen til Signalhornet , rusla ned og opp på Grøthornet før vi igjen satte nasa mot Skolma og ned til Flø der bilen venta . Vi tilbrakte dagen i strålande solskin på rimelig tørre og greie stiar. Helga etter låg heile "turen " dekt av snø !

Planane framover er mange. Fyrst og fremsta har eg ei liste med toppar med primærhøgdemeter over 50 som skal gjennomførast.
Skåla og Slogen er dei to neste og tilslutt, men aller viktigast blir nok Besseggen.

Er eg virkelig tøff og visst kroppen spelar på lag så kan det kanskje skje at eg prøvar meg på Liadalsnipa i all stillheit........

Ein ting er i allefall sikkert. Hadde det ikkje vore for opplevelsen 29 Desember så hadde eg vel enda vore godt på planleggingstadiet med årets fjellturar istadenfor å ha komt godt igang både i sol, regn, skumring og mørke .

Så Terje, Anne og Arnt , Tusen takk !

Håper på fleire slike opplevelsar !!