Fredags kos.......................

Forstår ikkje heilt kvifor vi gler oss slik til denne fredagskvelden. Heile veka går med til å vente på fredag, vi har omtrent nedtelling frå søndagskveld til fredags ettermiddag - og for kva?

Heile fredagen er eit rimelig mas og tjas. Stressa heim for å bjønde på helgevasken. Tenk visst naboen ser at ein ikkje vaska til helga- Kjære vene....

Teppe skal ristast , golva skal skrubbast, vindu må pussast og alt støv som har samla seg på den siste veka må fjernast med kirurgisk pressisjon. Når hovudetasjen skine og lukta grønsåpe nesten heilt bort til naboen er det tid for å takle ungane sine domene. Sengkle skal vaskast. Nymotens teppe ( med andre ord brukte kle som av ein eller annan grunn høyre til på golvet ...) må ryddast. Fat, glas og koppa som har samla seg opp iløpet av ei veke, som merkeleg nok ikkje finne vegen opp i oppvaskmaskina av seg sjøl, må ryddast.

Når ei endelig trur ei kan sette meg ned , sann ca etter midnatt, kanskje med eit glas vin....kva er det fyrste som møte meg i toppen på trappa?
Jau ein hund som har leita fram fleire hybelkanine ( trur han gjøyme dei slik at han kan leite dei fram for å plage meg....) hoppande og sprettande - klar for ein tur!
Puh - kva fredagskos...........................

Enda verre er det no når vi nærma oss Jul!
Adventskos! Adventstress burde det heite. Stresse begynde fyrste helga i advent og helde på til vi sitte sure og grinet ned i sofaen med julepapiret flytande rundt beina på julafta.

Slite litt med prestasjonskrava til fyrste helga i advent.
Nabodamene har allereie fått på plass både julegardine, julestjerne og sjuarma lysestake!! Eimen av julemanna helde oss fanga så snart vi stikke nasa utafor døra.
Ungane kjem heim og fortel om venar som allereie har hatt to juleverksted- baka tre julekakesortar og gjort frå seg julehandelen!

Nei , takke meg til mandaga, då er det heldigvis heile fire daga til bøttebaletten begynde igjen.....

Men, men eigentlig så gler eg meg til både adventstid og julekos, gler meg både til baking og julegåve handling, juleverkstad og julegave laging. Gler meg til åtilbringe ei rolig og koselig juletid og julaft ilag med dei eg er glad i, men kanskje ikkje akkurat på fredag......

PS taket er no kvitt

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar