Kongsvollen - siste toppen på lista

Kongsvollen i det fjerne

Fredags tur på Kongsvollen .......hadde ikkje trudd det skulle bli vanlig kost for eit par mnd sida. Då var  Kongsvollen og Bukketrappene meir for ein dagstur å rekne. Kan vel konstantere at forma har ei bratt oppadgåande kurve.
På vei opp
Kongsvollen blei det iallefall. Sjølv om eg har gått bukketrappene nokre gongar dei siste åra blir eg alltid litt spent når turen går opp dinne " steinrøysa ". Barndomsminne med formaninga om ikkje å sjå ned og holde godt fast i tauet har satt sine spor. Sjølv om spenninga var der kan eg trygt sei at bukketrappene var , i motsetning til før , inga hindring. Det var verken bratt eller skremande ! Tauet låg der ubrukt og utsikta nedover fjellet var verken skremande eller spennande. Donna ( pappilonen vår ) sprang Bukketrappene som reine fjellgeita, rett imponerande var det .
For en gangskyld hadde vi sol frå skyfri himmel. Rett nok var det litt vind på toppen, men pytt ,pytt, vi hadde sol !

Sidann vi for eingangs skuld hadde fint ver blei fotoapparatet flittig brukt. Kan ikkje i min villaste fantasi forstå at det finns finare utsikt enn i fjellat på våre kantar i finever. Særlig på denne tida når vi fortsatt får kvite toppar som står i sterk kontrast til dei grøne fjellsidene som blir bada i sein kvelds sol. Magisk .

 Var litt rart å tusle oppover motbakkane med hunden springande fremst å tenke på at det var siste toppen på lista. Målsettninga var å bli ferdig med toppane før ferien, men trudde faktisk ikkje eg skulle rekke det.
No gjelde det å sette seg nye mål før sofakroken blir for tunge å kome opp av.
Heldigvis er vel fjellet og turane fått så pass feste i kroppen at det ikkje frista å sitte heime å sløve framfor tv !

Må vertfall bruke nokre daga på å legge ny plana og finne nye turar .
Kjerringa på Flø frista litt.
Skåla , Slogen og Besseggen SKAL vi på, så spørs det på tida og forma om det blir nokre meir luftige turar inn i mellom.
Blir i allefall ein tur til Bjorli og Vakkerstølen i ei av dei nærmaste helgane :-)