Hasundgot stadion og naboar

                               
                           
                                               
Syns i grunnen det er mykje rart ein skal oppleve å få lese om i avisene.
På den eine sida les vi om det aukande problemet med overvekt og innaktivitet blant unge og ungdom. Fedme er på langt vei den nye folkesjukdomen ifølge forskarane.
Trist blir det då når du les i vikebladet at naboar, med støtte frå helsesjefen i komuna, vil ha tidsbegrensning på bruk av fotballbane og ballbinge på Hasundgot stadion !
Ballbingen vil dei strengt tatt ha flytta ................. !

Dei siste åra har ildsjeler i Hasundgot gjort ein formidabel innsatsfor å skaffe pengar til kunstgras på stadion. Dei har jobba frivillig for å tilrettelegge stadion for ein stadig større herskare av fotballspelande ungdomar. Brukt av si fritid for at våre ungar skal få ein stadion som dekker det skrikande behovet klubben har til treningstider. Eit krav som aukar fordi klubben har lykkast i aktivisere ungane vore gjennom å skape eit sunt og godt miljø som ungane vil vere eindel av!
Forstå det den som kan !!

Nei , ungar heretter blir det fotball mellom klokka 11:00 - 16:00, stengt  16:00 - 17:30 for middagskvild, kveldsope fra 17:30 til nyheitene startar kl 21:00
Litt satt på spissen, men er det slik vi vil det skal verte ?

Eg er født og oppvaksen med Hødd Stadion som nærmaste nabo.
Eg har sidan eg lærte å gå brukt område der oppe til ymse aktivitetar. Skøytegåing om vinteren, fotball, handball, slå ball, politi og røvar og gjemsel (på mørke nattestimar) gjennom heile våren og sommaren. Eg trur til og med eg gøymde meg i tribunene, trur eg var 7 - 8 år, hadde bestemt meg for å fryse i hel av ein eller annan grunn, men det blei fort for kaldt .....
Eg har vakna opp av ljomande musikk og heiarop på kampdagar, gloser og fotballar ( skuddtrening, say no more...) har hagla frå bana og ned i hagen vår under treningar og kampar.
Friidretten sine startpistolar har jaga meg fortare ut av senga etter ei sein natt enn noko anna, men har eg klaga ?

Nei, eg kan med handa på hjerte seie at eg aldri har klaga og eg har helder ikkje høyrt nokon andre klage!

Forstå det den som kan , eg gjer det ikkje. Kanskje vi som bur på bøen kan legge inn klage på båtar som ligg utanfor stovevindauga våre og testar utstyr heile helgane, eller mot lyden av slegger som dundrar inn i stålplate ein tidleg laurdag og søndags morgon - det er helseskaldeleg det !

Natteravn ...........

                  
                              
Eg set heime på sofaen på andre dagen med feber å rennande nase etter helga og alle dens utfordringar.
Laurdag hadde eg mitt fyrste møte med "utekulturen " blant ungdom i " byen " vår, eller rettare sagt i regionen vår. Ettersom eg var så heldig, eller uheldig...., å vere brukar av haldeplassen i min ungdom var eg sikker på at eg hadde sett og opplevd det meste, men den gang ei !
Å gå natteravn under aprilfesten ved Ulstein Vidargåande Skule var litt av ein augeopnar.

Sidan laurdag brakte med seg skikkelig sunnmørsk april ver med regn, sludd og hagl hadde eg kledt meg godt. Ull, ull og ull innerst, vinterbukse, hue, hanska og den fantastisk flotte ( ironisk...) varme , gule natteravn jakka yst. Her gjaldt det å ikkje fryse når ein skulle gå ute frå klokka 23 -02! ( Voitto sa eingong til meg på dykkertur : " dum er den som fryser ..." )

Sjokket var derfor stort, fyll og spetakkel var eg forberedt på , men påkledninga eller rettare sagt mangelen på påkledning var rimelig uventa!
Fine var dei, alle jentene som trippa rundt, i slaps og gjørme, med stilett helar og kjolar som knapt var større enn eit bredt belte ( gradestokken kraup ubamrhjertelig næmare og nærmare 0 ) perfekt sminka og friserte med ølboksa godt plassert i eine handa.
Inntrykket av perfeksjon avtok noko utover natta , når alkoholinntaket i seg sjølv gjorde det vanskelig å balansere ( spessielt med 10 cm høge helar ...) og når inntaket gjorde sitt til at både gutar og jenter hang over gjerdekantar eller rundt flaggstengre ( med minimale kjolar ....) for å gjere plass til meir øl, vin etc etc.

Godt var det at alt fra natteravnar, frivillige vaksen, politi og utekontakter var tilstades under arrangemange. Kanskje ikkje for dei som fekk bot for å drikke på offentlig stad, men personen som reiste frå festen i sjukebil, eller personen som sovna i skogkanten, eller dei som måtte hentast av foreldre og fekk hjelp/trøst av utekontaktene mens dei venta på skyss......var nok glad for at det var vaksne tilstades.

Trur ikkje det var så mykje betre i " gamle dagar " på haldeplassen, men då¨var vi vel av dei som var med på moroa. Blir nok litt annarleides når ein står som 40 åring, forhåpentligvis med litt meir erfaring, og observerar galskapen frå utsida.

Eg er iallefall glad for at det finnst vaksne som brukar av fritida si for å gjere det litt tryggare for ungdomen vår. Stor takk til dei !!!        
                       
                                          
Dagen i dag -
              
           
er en underlig dag .
Den er din.

Dagen igår slapp deg ut av hendene.
Den kan ikke få annet innhold
enn det du alt har gitt den.

Dagen imorgen har du ikke noe løfte på.
Du vet ikke om du kan regne med
å råde over den

Men dagen idag er den eneste
du kan være  sikker på.
Den kan du fylle med hva du vil.
Benytt deg av det......

Idag skal du glede et menneske.
Idag kan du hjelpe en annen.

Idag kan du leve slik at noen
ikveld er glad for at du er til........

Dagen idag er en betydningsfull dag
Den er din !


G.Brandes
  
 

Laurdag.......

         
                   
Laurdagsmorgen kl 07:10,eg og hunden sitte på stua å ser på sola.
Nydelig vårmorgen med blå himmel,sol, 3grade og lovnad om ein nydelig dag.
Klokka nærma seg 09:00 og resten av huset ligge fortsatt godt gjømde under dyna og nyte helgeroa. Eg kjennde at kroppen begynde  bli rastlause så hunden og eg pakka på oss. Boblejakke, hanska og solbrille på meg, fleecjakke på  (prima) Donna. Turen gjekk rundt burma ( for dokke som er lokalkjende ) for dokke andre - ein tur på ca 40 min. 
Kvitrande fugla, varmande sol, marka og grøftekantane som var dekte av frost var med på å gjere turen til ein god start på dagen.

No har eg dusja hunden, spist frokost, kosa meg med ein kopp kaff og  brukt litt på å plage omverda med mine opplevelsar så no er det påtide å starte på dagens gjeremål.

Ha ein fantastisk helg alle sammen !


Ps! til alle som ventar på golfsesongen - drive rangen er opna i Hovden !!
             
                        

Bryggja, god start på påskeferien

                                         

Påskeferia hadde ein rolig og koselig start . Eg , Martinius og Sondre har hatt nokre dagar på hytta. Hytta ligg på Bryggja, midt mellom Norfjoreid og Måløy. Liten og rolig plass med ein bank , ein bensinstasjon, ein matvarebutikk og ei lakse elv. Ein liten plass der gardinen flyttar seg i vinduskarmen når ukjende går nedover den eine gata som ledar gjennom " sentrum ", ein plass der du kan vere sikker på at du er gjennstand for alle samtalar , både over hagegjerde og på butikkhjørne til alle har fått tilfredstilt nyskjerrigheita si. 
Ganske merkelig eigentlig , eg er både ein innfødd " og ein utenforståande. Eg er 3 genrasjons Bryggja vering, utflytta sådan, men sidan eg har ein farfar som er født, oppvaksen og stadig bur på Bryggja, to sett med onklar pluss ein far som reiser på fiske på Bryggja så ofte han kan, er eg godtatt. Godtatt og godtatt, samtalane går, alle spørsmål skal besvarast før den vanlege : " å - du e barnbarne has Sverre ja, mmmm "

Dagane på hytta gjekk iallefall fort. Min gamle, sjuke farfar fekk sjå oss. Gutane fekk køyre båt og fiske så mykje dei ville ilag med morfaren og
eg, eg fekk tusle rundt på Bryggja.
Gamlevegen ut til gravstedet, sjå til farmor og Stig Are der ute.
Tur inn til Maurstad elva og " Totten " tunet.

Fine daga, berre synd at mannen min låg heime med feber og halsbetendelse.....
Blir forhåpentlig vis mange fleire tura i løpet av sommaren.
Briksdalsbreen, Selje, Kråkenes fyr og Furene på Stadt.

God Påske alle sammen !!