God morgen

Laurdagsmorgen ...........
Nydelig , nede i underetasja ligge mannen og gutane å søve godt enda, meina å vete at vi har eit par overnattingsgjesta også.
Eg vakna som vanlg litt før planlagt tid, men idag gjorde det ingen ting.
Eg vakna til blå himmel, kald og klar luft - ein morgen som lova godt med tanke på resten av dagen.

Sitte her helt for meg sjølv ( hunden ligge på sofaen ved siden av ) reflektera vel litt på kvardagen. Må vel innrømme at eg har det godt. Er vel kanskje litt vel mykje på jobb, sjølv om denne siste veka har vore fin på den måten. Har hatt muligheita til å kome heim samstundes som gutane mine så denne veka har vi kose oss med juleverkstad,vi har bake julekake og vi har berre vore ilag.
Kan ikkje bliså mykje betre då.

Må vel innrømme at julestemmninga kjeme snikande påmeg dag for dag, sjølv om snøven glimra med sitt fravær. Julegardine, adventstaka og julestjerne er vel med på å lage stemmning, spessielt på kvelden når nugatti avtrykka ikkje er sunlege og hybelkaninene er godt gjømde.

Klart at stress nivå får eit lite hopp når eg ser ut kjøkkenvindauget mine, det har gått opp for meg at skodda eg har sett på fjorden dei siste dagane faktisk er sjøsalt som har festa seg etter stormkasta sist søndag......men, men kva gjer vel det - har fortsatt ei arbeidsveke, eit julebord + nokre fridaga før julafta er der.

Nei idag skal eg berre kose meg. Siste to julegavene skal handlast, pepparkakene skal bakast. Norge skal slå Sør Korea i VM og kanskje, men berre kanskje skal eg køyre til Herøy å sjå handballkamp i kveld.....

En ting er ihvertfall sikkert , ikveld skal ei åpne ei flaske rødvin, invitere ei veninde på eit glas så får julestress berre vere julestress.

Ha ein god laurdag i advents(stresset) tida alle mann!