Møllendalsbakken

       
         
Ein fredag i Mars kom eg halsande inn på Studio pilates i Møllendalsbakken i Bergen. Etter å ha kava meg fram i regnbyge ( som aldri stoppa...) og vindkule som vrengde både eine og hin paraplyen måtte eg stoppe å drage pusten djupt av atmosfæra som møtte meg i gangen.

Eg trur det må vere fyrste gang eg har satt mine bein i eit "treningstudio" der forholda er lagt til rette  for å skape ro og harmoni.
Lyse og behagelige fargar, levande lys og ferske blomster var gjennomgangstonen både i gangen og treningsalen.

Ilag med ei gruppe andre småstressa fysioterapeuta var vi klare for vår fyrste helg med pilates !
Helga etterlot alle med nye opplevelsar av kva "styrketrening " kan vere. Verkande ledd og såre musklar gjorde , ifølge våre inspirerande og positive instruktøra Åse og Synnøve, helga til ein suksse.

Utstyrt med heimlekse drog vi kvar til oss. Inspirerte og klare til månadar med eigentrening ( blei litt lite av den delen da...). Helg nummer to i Jannuar var like bra, insprasjon, såre musklar og stive ledd + ein del heimelekse til siste samling.

Siste samling er no overstått.
Alle eksamenar er tekne og bestått!!!

For alle som er ute etter styrketrening som virkar på " skavankar" , smerter og kroninske plager kan eg anbefale ein tur til Møllendalsbakken.
Atmosfæra, roen og harmonien åleine vil gi deg inspirasjon, kombiner dette med kunnskapen blant instruktørane ved Studio Pilates så er du på god vei til å bedre din eigen situasjon.

Takk for meg Åse og Synnøve :-)
Takk til alle andre på kurset, det var ein fantastisk opplevelse i eit lærerikt og inspirerande miljø :-)

                                 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar