Luksus !!!

                                       
Luksus,kva er vel luksus i ein travel kvardag........i min endra det seg med stressnivå,sinnstemmning og humør.
Nokre daga er ferdiglaga middag rein og skjær luksus, andre ganga er det helgeopphald på spa, men denne helga blir litt spessiell. Mine to flotte guta har idag reist på årets fyrste fisketur i lag med min flotte mann og snilde pappa.

Dette har då resultert i "luksusliv" for meg denne helga.
Total stillheit i heimen !
same kva rom eg går inn på er det stillt............ingen krangling, ingen masing, ingen tv - lyd , ingen spele lyd, absolutt ingen lyd !
 Nydelig !!!

Korleis skal eg då gjere best nytte av denne luksusen ?
Joggebukse, pc-på fanget eit glas vin og ei bok..................eller........
Hmmm vi får sjå.

Skal i allefall nyte det. Reknar med at laurdagen går med til sløving og venting.......
Kjekt å få nokre timar åleine , men det er veldig kjekt når familien er samla igjen !

                                  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar