Eksamen........

                   
                      
Då var kvelden komt, gutane er komt seg til sengs og eg pusta letta ut over nok ein ferdigspelt fotballkamp ( forøvrig årets fyrste tap for eldstemann ) og nok ein overstått avsluttningsfest på skulen.
 Torsdagen er godt på veg. Fjellsekken til Rundetur står ferdig pakka, fotballkleda til yngste mann er lagde klare og eg har funne ut kvar Dalsfjorden spelar heimekampane sine.

Kofferten min er nok ein gang henta fram frå lageret. Treningsklede, småpynta klede, sko og regnjakke er leita fram og eg begynder å bli klar til siste kurs helg i Bergen.
Eller klar , det var vel å take hardt i. Siste helg betyr eksamens helg og eksamens helg betyr EKSAMEN!!!!!
Ikkje mindre enn 3 av dei!!!

Om eg er klar til det - kan eg aldri forstå........
Burde eigentleg sette meg til å lese, men Pc-en kravla seg opp i fanget og tv-en fanga liksom oppmerksomheita ........

Uff og huff
Burde vel eigentleg kjenne at blodtrykket stig og pulsen auka, men desverre, lar meg eigentleg ikkje stressa opp av desse eksamenane.
Trur ikkje det lovar bra........
Vi får sjå når dagen er der.
Kan vertfall tenkje meg at mandag blir ein tung dag.

Anten det går eine eller den andre vegen så skal vel resultatet  feirast eller druknast....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar