Veke til ettertanke

                       
                
Denne veka har vore litt spesiell.
Torsdag sat eg i kyrkja på Bryggja for å take avskjed med farfaren min. 
Kvar gang eg set der, på kyrkjebenken, får eg ein følelese av at livet er iferd med å stoppe opp, at kvardagen tek ei pause, berre for meg, ei lita stund.
Det forbausar meg like mykje kvar gang at midt i denne overvelmande følelsen av tap leitar det seg fram gamle, vekkgøymde og trøstande minner frå eit langt liv.

No når farfar og farmor er vekke, er grunnmuren min vekk på Bryggja. Eg set igjen utan to flotte personar som har vore med på å gjere meg til den personen eg er idag. To personar som eg har opplevd mange gode stunder med, både i høgtider og på kvardagar. Skitne søndag med skjeltehaud, heimelaga bolla med sirup ein tidleg morgon på kjøkenet med farmor, quality bokser på loftet når farfar kom frå sjøen, fisketura og ferietura.
Minna er mange.
Desverre har vi og delt tunge stunder.
Farmor og farfar har opplevd , kanskje det verste ein kan som vaksen, tapet av barnebarn, mine syskenbarn.

Avskjedn torsdag var ein fin opplevelse.
Mange fine, trøstande og varmande ord frå vener og naboar på Bryggja. 

No når veka går mot slutten skal eg vere med på ei anna stor feiring. Min nyaste tanteunge, Mali, skal døypast.
Denne feringa markerer begyndelsen av livet og står i sterk kontrast til torsdag, men den er med på å bringe balanse, kanskje litt forståelse og akksept til livet .

Gler meg til søndag, men samtidig vil nok tankane vere med farfar.


                            


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar