17 Mai !!



Då var årets store dugnads arbeid over.
No snakkar eg selfølgelig om årets 17 Mai feiring. Det er vel knapt ein dag i året som involverar så mange på dugnads sida, enten det er no frivillig eller ufrivillig!
Alle oppgåver frå kakebaking, pynting, fest arrangemang, brennsnut koking, kaffisalg og opprydding, skal gjerast av meir, eller mindre fornøgde, innhanka foreldre til elevar på 5 og7 trinnet.
Kjekt er det når alt går på skinner og alle som skal hjelpe til møter opp.
Eg har hatt det ærefulle oppdraget med å lede matkomiteen i år. Organisering av kakebaking, handleliste, henting av vare  og oppsett av vaktliste blei sjonglert mellom blomsterplanting ( både heime og på jobb ), stryking av bunadskjorte og fiksing på dressa.
Heldigvis kom og gjekk dagen utan dei store problema. Samarbeidet med kiosk komiteen gjekk knirkefritt, mange sterke og kjekke kara som slepte rundt på vare , bruskasse og frysara i store mengde, heilt utan å klage. Tusen takk !!
 Alle kaker blei levert når dei skulle, ferdig pynta og fristande ... ( i allefall for ein kakemons som meg ;-) )

Ein kan gjerne klage litt på arbeidet og stresse, men innerst inne synest eg det er ein flott dag.
Heime med oss startar vi med champagne skål ( les eple juice..) på morgonen før vi har felles frokost med egg og alt tilbehør. Alle hjelper til med opphenging av flagg før bunadar og dressar skal på.
På skulen møter vi ungar med tindrande, forventningsfulle auge, nystrokne norske flagg, trompetar og vindmølle - alle klar til ein dag med 17 Mai tog, leikar og is spising. ( Alle utanom tenåringar som synest tog er dumt, dress er ubehagelig og alle leikar er barnselige ....) 

Synd var det då at veret ikkje spelte på lag i år. Tunge , grå skyer, regnbyger og vind gjorde sitt til at dagen miste litt av glansen, spessielt for oss vaksne.......No er dagen over, Pinsehelga står for tur. Mannen har vakt, eldstekaren har to tentamenar neste veke så helga blir nok ei rolig og avslappande familiehelg i heimen.
Kanskje blir det ein fjelltur eller to.......
Kanskje blir det litt golfspeling........

God fredag til alle :-)

                                                 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar