Fridagen........

              
                                       
No har eg benkra meg opp i sofaen med joggebukse, kaffikopp og datamaskina på fanget. Mannen er på jobb og frå underetasja høyre eg med jamne mellomrom latter og skrål.
Imorgon er det torsdag, ein etterlengta ekstra fridag som skal nytast i fulle drag. Eller nytast, eg er meg sjølv lik, som vanleg har eg planlagt ein mengde ting, oppgåver som bør og skal utførast iløpet av dagn .
Hadde vore veldig kjekt visst eg kunne komt til botnen av skitnekle korga ( noko som ser ut til å vere ei uoverkomelig oppgåve ....) , har eit lass av kle som absolutt burde få sjå underside av eit strykejern, skulle vel ha baka litt bolla, så skal det vel leverast kake til 17 mai - burde vel begynde å tenke på den, skal rekke ein tur på trening, platten må spylast og plenen rakast. Trur det var det meste........

Bollebaking sleppe ei faktisk unnda. Heldige meg fekk levert heimelag bolla, kringle og muffins på døra igår ! Tusen takk til verdens beste mamma   !

Hørte forresten rykte om at det er meldt bra ver imorga ......tenk om.
Kanskje ein liten fjelltur skulle prioriterast ? Søndag gjekk heile familien på Melshornet, flott fjell, kjekke tur, men snøkave og kuling på toppen, kommentaren frå yngste mann på veg ned oppsumert veret den dagen: "mamma, no trur eg Gud må slutte å gjødsle jorda "
( hagle slo i bakken rundt oss )

Golfkøllene står forresten bort i eit hjørne å skrike etter å kome ut, kanskje det hadde vore ein ide, iallefall visst tempraturane krype over frysepunkte så eg sleppe forfrysninga.......

Når eg tenke meg om så er kosestolen på altanen,ei kanne med kaffi, ei ny bok og avise eit godt alternativ på  Kristihimmelfartsdag...mmmmm

Vi får sjå. Til alle dokke som har sveipa innom bloggen min : ha ein flott fridag, håpe tempraturen stig og sola stikk nasa fram !!

                                                      

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar