Då har det skjedd....

                
                                          
For nokre veker sidan feira eg 40 års dag min. Under sjølve feiringa fekk eg fleire advarslar om kva problem og overaskelsar som venta meg både på det fysiske og psykiske plan etter overgangen til gruppa 40 - 50 år. Heldigvis har det gått betre enn frykta............

Alderen har alikavel ein slu måte å vise sitt sanne ansikt på.
Tysdag , denne veka, fekk eg verkeleg merke det.
Heilt ut av det blå, utan at eg klarte å stoppe det, trilla desse orda, i ei rasande fart og før eg fekk tenkt meg om,  ut av munnen min :
" Nja, veit ikkje kven ho er, men kanskje visst du sei kven foreldra er..........."

Orda resulterte i ei akutt auke i både blodtrykk og puls, det prikka i brystkassa og raudmen gjorde sin entre.
Det tok nokre minutt før hjerna registrerte kva som nettopp hadde skjedd.
Eg trur nok samtalepartneren min kosa seg stort over det skrekkslagne uttrykke som la seg som eit teppe over heile andlete mitt.

Resten av den samtalen forsvannt i slør av vissheit om at eg no, heilt utan å ville det, hadde klatra opp ein genrasjon! Eg har no begynnt å forholde meg til foreldre genrasjonen for å plassere ungdommen rundt meg !

Nederlag; nja
Skremmande; ja
Men sjokket går nok over, kvardagen vil gå sin gang, heilt til neste gang naturen finn ein måte å minne meg om alderen min på !
                        
                                 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar