Hasundgot stadion og naboar

                               
                           
                                               
Syns i grunnen det er mykje rart ein skal oppleve å få lese om i avisene.
På den eine sida les vi om det aukande problemet med overvekt og innaktivitet blant unge og ungdom. Fedme er på langt vei den nye folkesjukdomen ifølge forskarane.
Trist blir det då når du les i vikebladet at naboar, med støtte frå helsesjefen i komuna, vil ha tidsbegrensning på bruk av fotballbane og ballbinge på Hasundgot stadion !
Ballbingen vil dei strengt tatt ha flytta ................. !

Dei siste åra har ildsjeler i Hasundgot gjort ein formidabel innsatsfor å skaffe pengar til kunstgras på stadion. Dei har jobba frivillig for å tilrettelegge stadion for ein stadig større herskare av fotballspelande ungdomar. Brukt av si fritid for at våre ungar skal få ein stadion som dekker det skrikande behovet klubben har til treningstider. Eit krav som aukar fordi klubben har lykkast i aktivisere ungane vore gjennom å skape eit sunt og godt miljø som ungane vil vere eindel av!
Forstå det den som kan !!

Nei , ungar heretter blir det fotball mellom klokka 11:00 - 16:00, stengt  16:00 - 17:30 for middagskvild, kveldsope fra 17:30 til nyheitene startar kl 21:00
Litt satt på spissen, men er det slik vi vil det skal verte ?

Eg er født og oppvaksen med Hødd Stadion som nærmaste nabo.
Eg har sidan eg lærte å gå brukt område der oppe til ymse aktivitetar. Skøytegåing om vinteren, fotball, handball, slå ball, politi og røvar og gjemsel (på mørke nattestimar) gjennom heile våren og sommaren. Eg trur til og med eg gøymde meg i tribunene, trur eg var 7 - 8 år, hadde bestemt meg for å fryse i hel av ein eller annan grunn, men det blei fort for kaldt .....
Eg har vakna opp av ljomande musikk og heiarop på kampdagar, gloser og fotballar ( skuddtrening, say no more...) har hagla frå bana og ned i hagen vår under treningar og kampar.
Friidretten sine startpistolar har jaga meg fortare ut av senga etter ei sein natt enn noko anna, men har eg klaga ?

Nei, eg kan med handa på hjerte seie at eg aldri har klaga og eg har helder ikkje høyrt nokon andre klage!

Forstå det den som kan , eg gjer det ikkje. Kanskje vi som bur på bøen kan legge inn klage på båtar som ligg utanfor stovevindauga våre og testar utstyr heile helgane, eller mot lyden av slegger som dundrar inn i stålplate ein tidleg laurdag og søndags morgon - det er helseskaldeleg det !

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar