Natteravn ...........

                  
                              
Eg set heime på sofaen på andre dagen med feber å rennande nase etter helga og alle dens utfordringar.
Laurdag hadde eg mitt fyrste møte med "utekulturen " blant ungdom i " byen " vår, eller rettare sagt i regionen vår. Ettersom eg var så heldig, eller uheldig...., å vere brukar av haldeplassen i min ungdom var eg sikker på at eg hadde sett og opplevd det meste, men den gang ei !
Å gå natteravn under aprilfesten ved Ulstein Vidargåande Skule var litt av ein augeopnar.

Sidan laurdag brakte med seg skikkelig sunnmørsk april ver med regn, sludd og hagl hadde eg kledt meg godt. Ull, ull og ull innerst, vinterbukse, hue, hanska og den fantastisk flotte ( ironisk...) varme , gule natteravn jakka yst. Her gjaldt det å ikkje fryse når ein skulle gå ute frå klokka 23 -02! ( Voitto sa eingong til meg på dykkertur : " dum er den som fryser ..." )

Sjokket var derfor stort, fyll og spetakkel var eg forberedt på , men påkledninga eller rettare sagt mangelen på påkledning var rimelig uventa!
Fine var dei, alle jentene som trippa rundt, i slaps og gjørme, med stilett helar og kjolar som knapt var større enn eit bredt belte ( gradestokken kraup ubamrhjertelig næmare og nærmare 0 ) perfekt sminka og friserte med ølboksa godt plassert i eine handa.
Inntrykket av perfeksjon avtok noko utover natta , når alkoholinntaket i seg sjølv gjorde det vanskelig å balansere ( spessielt med 10 cm høge helar ...) og når inntaket gjorde sitt til at både gutar og jenter hang over gjerdekantar eller rundt flaggstengre ( med minimale kjolar ....) for å gjere plass til meir øl, vin etc etc.

Godt var det at alt fra natteravnar, frivillige vaksen, politi og utekontakter var tilstades under arrangemange. Kanskje ikkje for dei som fekk bot for å drikke på offentlig stad, men personen som reiste frå festen i sjukebil, eller personen som sovna i skogkanten, eller dei som måtte hentast av foreldre og fekk hjelp/trøst av utekontaktene mens dei venta på skyss......var nok glad for at det var vaksne tilstades.

Trur ikkje det var så mykje betre i " gamle dagar " på haldeplassen, men då¨var vi vel av dei som var med på moroa. Blir nok litt annarleides når ein står som 40 åring, forhåpentligvis med litt meir erfaring, og observerar galskapen frå utsida.

Eg er iallefall glad for at det finnst vaksne som brukar av fritida si for å gjere det litt tryggare for ungdomen vår. Stor takk til dei !!!        
                       
                                          

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar