Kvardagens luftlomme......

Eg, som omtrent alle andre hokjønnpå min alder i Noreg, er medlem av ei forening. Ein gjeng med damer som samlar seg med jamne mellomrom for å spise mat og prate litt.

Vi troppar opp med forventningar om å bli oppdatert på siste nytt om naboa, naboa til naboen, diverse slektningar, vanskelege kollega, travle unga og håplause mannfolk.
Vi har bevega oss frå tema som bryllaup, bleiemerke, bleieutslett, ammeteknikkar, barnehagar og fyrste skuledag til hormonelle tenåringar, ungdomskule, lommepenga, kjærestar og " corfu ".

Vi har brukt dei siste 14 åra på å verte "voksne" ilag.
Vi har vore der for kvarandre gjennom skilsmisse, oprasjonar, utbrentheit og alvorlege sjukdomar.

Tempraturen kan bli rimeleg høg til tider , vi kan ergre oss over kvarandre og våre forskjellige meiningar og oppfatningar av saker, men på enden av kvelden før vi går kvar vår veg, er vi alle velfornøgde og like gode venar som før.
Einaste negative er at onsdag morgon, etter tysdag`s klubbkveld, kjem så altfor fort.

Eg gler meg allereide til neste gang. Gler meg til å synke ned i sofaen med kaffikoppen, lytte til alle rundt meg og kjenne på fellesskapet og vennskapet som jagar vekk kvardagens stress og mas !

Så til alle mine klubbveninder - takk for nok ein flott tysdags kveld !

2 kommentarer:

  1. Hei Lena:)
    Eg måtte sjølvsagt ha meg ein tur innom:)
    Du skriv kjempe godt...Kosa meg masse når eg las innlegga dine:)Dette vil eg gjerne følge med på vidare:)
    God helg ønskast<3
    Helsing frå Astrid:)

    SvarSlett
  2. Tusen Takk Astrid :-) berre kjekt at du vil følge med ! Ha ei fin helg ilag med dine :-)

    SvarSlett