Til mine veninder !





" alle som har ein venn har tro, håp og nestekjærlighet i sitt liv "


Dagen eg har frykta har komt.
Eg er ikkje lenger i 30 åra !
Idag, ilag med mine venninder feirer eg at eg har gått over i 40 års alderen .
Eg har enda ikkje bestemt meg for om eg skal drukne sorgen eller om eg skal feire at eg har komt så langt i livet......40 er no berre eit tal, men det høyrest så fryktelig mykje ut.


Ein bursdag, spessielt ein med rundt tal, får ein alltid til å reflekter litt på livet.
Eg må seie at eg har vore heldige.
Eg har ein snild og omsorgsfull mann ( heldigvis passerte han 40 før meg ), to flotte, staselege og gode gutar, hus som passar oss, eit yrke eg trivst med, fantastiske kollegaer og ikkje minst , gode veninder som godtek meg med allemine rare idear og påfunn.


Veninder som har vore der " ein mannsalder " og veninder som har komt til dei seinare åra.
Veninder som har vore der i mine oppturar og nedturar.
Veninder som alltid stiller opp når det trengst , same kor sort eller lite problemet viser seg å vere.


Vi har med tida knytt tette band og kjemien som held oss samla " stikk nasa fram " når vi møtast og får slå ut i full blomst før vi går kvar til vårt , påfyllt av omsorg og omtanke frå alle kantar.


No når eg set her på min 40 års dag ( med alt som det innebær ), godt omslutta av omtanke og varme vil eg berre seie ;


Tusen takk !

Tusen takk for at du er der når eg treng deg, for at du bryr deg om meg!

Tusen takk for at du er den du er og for at du aksepterer meg for den eg er!

Tusen takk for at eg er så heldig som har ein ven som deg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar