Morgen stund har gull i munn.......


Då var søndagsmorgonen komt og det er fullstendig ro i huset! Sitte her med kaffi koppen i handa og laptoppen på fanget for å planlegge 40års dagen min!!!

Lure igrunnen fælt på korleis det har gått til at eg snart er 40 år. Teikna har begynt å kome fram, skal vere enige i det.
Det har sneke seg inn nokre grå hår her og der ( frisøren gjer sitt beste...stakkaren )
Smilerynkene har blitt litt meir synlege ( skal visst vere sjarmerandre, trur helder eg skal slutte å smile så ofte............)
Og om sant skal seiast så har vel gravitasjonskrafta begynnt å få ei virkning på kroppen etter å ha herja med den i 40 år! ( heldigvis så finns det hold in og pushup i alle variantar..........har eg høyrt...... )

Alikavel følest det som tida har gått så altfor fort. Eg har vore heldig som har fått reist og opplevd mykje, kanskje litt meir enn mange andre, men..........

Når eg set her å tenkjer tilbake så kan det umulig vere 20 år sidan vi gjekk ut av gymnaset?
Det kan umulig vere 14 år sidan eldstemann blei født, eller 10 år sidan yngstemann blei født for den del ?

Kan det verkeleg tenkast at det er 15 år sidan eg gifta meg ? Hmmmmmmmmm

Uansett så er dagen komen og eg har valget om å la den forbigå i stillheit eller å tromme saman ein gjeng, som snart er i same situsjonsom meg, å feire dagen med brask og bram.

Trur nok det må bli det siste, med god mat, god drikke og gode vener kjem ein seg gjennom det meste!

er no tross alt 10 år til eg blir 50.........og 20 til eg blir 60

Nei, no skal eg ein tur å trene litt, prøve å motvirke gravitasjonsktafta sin effekt på kroppen, etterpå det skal eg nyte ein rolig søndag ilag med familien, feire 3 års dagen til ein liten tante unge og gjere meg klar til å starte ei ny arbeidsveke.

1 kommentar:

  1. Hi du lillemy.
    En flott blogg du har laget deg. Må sei at ej blei no veldig nysgjerrig da, so no he ej mæ laga mj blogg. Litt rusten i korleis ditte funka, men kjem vel. Ha en strålende veke.

    SvarSlett