Middagselskap og vingåver




Eg har eit lite problem, eit problem som eigentleg er ein liten filleting i vår travle kvardag.
Eg likar å be venner og bekjente på middag!
Gjerne midt i veka der heile familien er samla, men med jamne mellomrom blir det " voksen " middag.

I desse selskapa blir det servert mat ( for håpentligvis god mat....) med godt tilbehør av alle slag.
Her startar då mitt vesle problem: Til desse selskapa har gjerne ein eller fleire av gjestane med ei flaske vin ?

Misforstå meg no rett, eg sett veldig pris på flaska som blir meg overlevert, men:
Kva gjer eg når nokon har med vin til middags selskap mitt?
Har dei med vinen for at den skal drikkast under middagen eller har dei med vinen for at vertskapet skal spare den til ei seinare annledning?

Er det uhøffeleg å server den medbrakte vinen under middagen eller er det uhøffeleg å vere " gjerrig " å spare på den?

I min familie og omgangskrets har vi nokre som er meir enn middels interessert i vin. Diskusjonane går ofte høglydt om kva type vin som skal brukast til ulike matrettar.

Dette medfører problem nummer to:
Trampar eg i klavere å servere ein "dyr" , tung rødvin til feil rett ....( er ikkje den største vinkjennaren)

Eller er det kanskje ein " dessert " vin som havnar på bordet til middagen?

Nei , ikkje veit eg.

Klare aldri å bli klok på denne situasjonen.

Skal , skal ikkje..........

Kanskje eg skal halde meg til å servere kald øl og pizza.....

1 kommentar:

  1. Heia:)
    Du e go å skrive.. ;) Hehe..
    Tusen takk for koselig helsing frå deg:)
    Ha ei fine helg
    Klem Nina

    SvarSlett