Fredag


Fredag igjen !

Huset er ordna, middagen unnagjort og gutane har reist til mormor og morfar på overnatting. ( Takk til dei !)

Eldstemann skal feire bursdag i helga ( 14 år....) så sjokoladekaka, kvæfjordkaka og firkløverkaka er ferdiglaga.


Resten av kvelden blir det berre kos. Joggebuksa og ullsokkane er komt på, eg har funne favorittstillinga i sofaen og er klar til kveldens date ; "Hodejegern " ( av Jo Nesbø ) og eit glas rødvin! ( Coto de Imaz , Ole )


Resten av helga får bli som den vil med gutteselskap, familieselskap, handballkampa og skitura, men ikveld, ikveld skal eg sløve med Nesbø sine intriger.


God helg alle sammen !!!

3 kommentarer:

  1. Hørtes ut som en fin fredagskveld. Sjøl sitte ej no å kjenne på at nervane melde sin ankomst før kamp mot Bergsøy

    SvarSlett