Ny veke, nye utfordringa

Då var vi igang med ein ny veke. Starten på forrige veke var oppløftande. Rolig timebok, god tid på morgonen, unga som var klar og ut gjennom dørene utan krangling, lite trafikk over Eidet og ikkje minst - tid til ein rask kopp kaffi før arbeidsdagen starta.
Men det som gjorde forrige mandag spessiell var nok ein lokal blomsterhandlar som troppa opp med favnen full av tre nydelige rosebuketta, ein til kvar av oss på kontoret, frå ein omtenksom og godhjerta person.
Tusen Takk - veka starta på ein fantastisk måte!

No som eg snart er 40 år skulle ein tru eg hadde lært !
Ein slik mandag kjem ikkje ofte !
Ting kunne ikkje vore fjernare denne mandagsmorgon! Elendigheita starta allereide søndag. Mannen min, som aldrig er sjuk, havna til sengs med feber, kvalme og oppkast!
Selfølgelig blei stakaren jaga ned i , "isolert" på soveromet, med eit godt utvalg av cola, potetegull, ibux og bøtte.
Panikken var nær, heile familia var invitert på middag og kake for å feire eldstemanns 14 årsdag! Gjengen blei advart, men dei troppa opp, fortærte gryterett , kake og fromaga før dei stillt og rolig gjekk kvar til sitt.

Eg trudde verkeleg at resten av oss skulle gå klar, men den gang ei!
Minstemann venta til gjestane hadde gått før han satte igang!
Varmhjerta som eg er, blei guten sendt i "isolasjon " ilag med faren.
Eg gjorde klar gjestesenga ( til meg ) og brukte mesteparten av natta på å springe opp og ned for å sjekke tilstanden på dei to sjuke.

Alle som kjenner meg veit at morgonen ( morgon = før kl 09:00 ) ikkje er min beste tid på døgne så når eldstemann kom opp kvalme og uvel klokka 7 på ein mandagsmorgon - ja då visste eg at starten på veka blei tøff!
Eg kom meg avgarde på jobb ( lettare kvalm og uvel ) etter å ha sjekka at alle var utstyrt med bøtte, cola og ibux! Sjekka tilstanden til dei tre pr tlf iløpt av dagen og heldigvis har tilstanden bedra seg drastisk!

Akkurat no er 2 av 3 klar for morgadagen ! Noko som er bra sidan eldstemann fyller 14 år og forventar pannekake til frokost og taco til middag, noko som eg nektar å trur er bra for "sarte " magar!!
Satsar på at det er gjort for denne gang. Håper fortsatt eg slepp unda, har ei travel veke og helg foran meg. Avreise til Bergen torsdag -pillates trening heile fredag, laurdag og søndag..........trur ikkje det er mulig med dårlig mage.

Iallefall - får håpe alle andre har hatt ei bedre start på veka enn meg......

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar