Blås bort dag på fjellet

Blås bort dag på fjellet





Laurdag kveld bestemmte vi oss for å bruke søndag til litt toppsanking. Håpe var å få nyte fineveret med å gå ein lengre fjelltur, helst i shorts å t-skjorte, men den gang ei .....

Sommarveret frå laurdag uteblei så ull skjorta og lang fjellbukse vart leita fram, medan hue og hanskane blei pakka i ryggsekken, i tilfelle det skulle bli kaldt.
Kjølig blei det rimelig raskt. Vi hadde ikkje komt opp på Kiberget før både hue og hanska var komt på plass.

Mosvarden
Fyrste målet var Mosvarden. Litt vått og trasig var det opp , men turen gjekk heilt greit. Vi hutra litt i vinden på toppen så noke puste pause blei det ikkje. Donna ( pappilonen vår som trur ho er fjellhund ) leda oss bortover mot Lillebroren og Storebroren i godt tempo. Utsikta til Skafjellet og Holstadhornet avslørte at nokre andre sjeler hadde utfordra vinden å trekt opp på fjellet.

Vinden løya litt oppover mot Lillebroren, heldigvis. Terje og eg rota oss opp ein nymerka sti, ingen god ide, både merkingane og stien forsvann fort så der gikk vi traska i lyng å våte myr.....men, men. Lillebroren er no offisielt på lista over toppar som er bestegne i løpet av våren.
Sarshornet og Breidfjellet
Turen bort på Storebroren gjekk radigt. Utsikta her var faktisk flott sjølv om skylaget låg lavt over toppane.

Etter ein liten pause på Storebroren (  Donna trengde en pust i bakken ...) traska vi vidare mot Sarshornet og deretter til Breidfjellet. Stiane til Sarshornet og Breidfjellet var tørre og fine så turen gjekk rimelig raskt. Må innrømme at ej hadde glømt den fine utsikta ein får når ein går frå topp til topp her ute.
Mot Breidfjellet



Dagens siste topp var Roppehornet. Føltest virkelig som vi var komt til Flø. Vinden auka på og vart riktig kald.
Stien frå Roppehornet og ned til Gossneset baud nok på dei største vanskeligheitene denne dagen. Kan ikkje huske at dei var så smale og gjenngrodde sist gang eg gjekk der.....
Terje på Roppehornet
Søndagen var velykka. Lista over toppa er no begynt å bli full. Etter søndag gjennstår heile 1 topp : Kongsvollen !
Planen er at den skal "takast" før helga. No er det alt blitt onsdag kveld. Kan vel holde hardt å rekke Kongsvollen før helga, litt mykje som skjer på fritida med ein 16 åring som har muntlig eksamen og ein 12 åring som skal i selskap histen og pisten.
På Breidfjellet

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar