Oppdatering på topp lista
Sjølv om forma har vore laber dei siste 7 vekene har eg jobba meg jamt og trutt gjennom lista mi med " toppar " på øya. Rett nok har eg ikkje gitt meg ut på dei lengste og høgaste turane , men eg har hatt mange fine opplevingar opp i høgda ilag med hunden og mannen.
Vi har heldigvis vore så heldige at sola har kika gjennom skylaget, noko som gjer det lettare å drage kroppen over dørterskelen og ut i fjella. Smørkinna, Sneldelida, Løkeberget, Huldrehornet, Åsefjellet, Ulsettua ( her har nokon bomma med navnsetting, vil no sei at dette er litt meir enn ei tue......) og Hjørungneshornet er nokre av dei korte turane.
Kjekkaste turen den siste tida var nok igår. Eg har snakka om å take turen opp på Haddalshornet og Blåtind. Litt motvillig greip eg sjangsen når husbonden inviterte meg med på Haddalshornet via Klungsgylet !! Burde vel forstå tegninga når hunden måtte vere heime fordi det blei litt bratt! Enda klarara var vel teikna på korleis turen skulle bli når han pakka øksa ned i sekken ....., men , men når ein har sagt A må ein vel seie B også.
Gjekk forsåvidt heilt greit til vi kryssa elva å skulle begynde på Klungsgylet - det såg noke bratt ut i mine auge ....
Smilet var nok litt anstrengt før vi starta på turen oppover !
Men for en opplevelse!
Bratt blei det , usikker var eg nokre plassa, men eg kom meg opp!
Godt var det at øksa var på plass i sekken - den kom godt med nokre plassar opp gjennom fjellsida.
Turen opp gjekk egentlig veldig greit. Det var noke vått i marka på somme plassar, men ikkje så gale at eg følte det var glatt og sleipt. Blir nok fleire turar opp denne vegen. Med fare for å høyrest kjepphøg ut så blir det nok litt kjedelig ( litt tøff i trynet no...) å gå stien opp heretter . Håper berre på litt bedre ver neste gang.
No har eg att 5 toppar på lista mi. Kongsvollen, Mosvarden, Storebroren, Sarshornet og Breidfjellet, to kveldsøkte til så er det gjort.
Lure på kva eg skal finne på etter på. Blir vel godstolen og tv då.........
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar