Hausten har komt på besøk, heldigvis med bedre ver. Blå himmel og strålande sol møte meg kvar morgen på køyreturen over Eide. Bjørka står i haustfarga, sola kjeme sakte over fjelltoppane og frosten ligge som eit teppe på markane. kan ikkje bli flottare !
( Einaste som ødelegge idyllen er alle hjorte jegerane som tusla rundt i skogkanten ....)
Haustferien står for døra neste veke og eg skal faktisk ha ei heil veke fri ! Gler meg virkelig. Planane er lagde. Eg og gutane skal ha oss eintur til Halden. Skal vel klare å slappe av og kose meg både med "harry handel, Halden og broren min.
Hausetn og vinteren ser ut til å bli både travel og spennande.
Har starta opp med fysio-pilates gruppe på Hareid. Etterspørselen er over all forventing, venteliste allereie, må nok til å utvide tilbodet der når det lide på.
Ellers er vi igang med jentekveldane våre igjen. Gler meg virkelig til vi skal på Hide gard i november ! Kreativ og annerledes kveld.
No fyrst skal eg kose meg med haustferie.
Kanskje blir det tid til ein dagstur til Oslo i løpet av veka....skulla vore der å hente ein liten ting.....
Kanskje rekke eg litt meir golfing......før snøven plutselig ligge kvit og fin på Bjorli. Då er det nemmelig vinter og skisesong !!!
Vi får sjå