Hmmmm



Hausten har komt på besøk, heldigvis med bedre ver. Blå himmel og strålande sol møte meg kvar morgen på køyreturen over Eide. Bjørka står i haustfarga, sola kjeme sakte over fjelltoppane og frosten ligge som eit teppe på markane. kan ikkje bli flottare !
( Einaste som ødelegge idyllen er alle hjorte jegerane som tusla rundt i skogkanten ....)

Haustferien står for døra neste veke og eg skal faktisk ha ei heil veke fri ! Gler meg virkelig. Planane er lagde. Eg og gutane skal ha oss eintur til Halden. Skal vel klare å slappe av og kose meg både med "harry handel, Halden og broren min.

Hausetn og vinteren ser ut til å bli både travel og spennande.
Har starta opp med fysio-pilates gruppe på Hareid. Etterspørselen er over all forventing, venteliste allereie, må nok til å utvide tilbodet der når det lide på.
Ellers er vi igang med jentekveldane våre igjen. Gler meg virkelig til vi skal på Hide gard i november ! Kreativ og annerledes kveld.

No fyrst skal eg kose meg med haustferie.
Kanskje blir det tid til ein dagstur til Oslo i løpet av veka....skulla vore der å hente ein liten ting.....
Kanskje rekke eg litt meir golfing......før snøven plutselig ligge kvit og fin på Bjorli. Då er det nemmelig vinter og skisesong !!!

Vi får sjå


                      
                                     

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar