Haust

                              
                             
                                  
No kan ein vel med sikkerheit seie at hausten har gjort sitt inntog på Søre Sunnmøre. Regnbyen er samanhengande og evigvarande, temperaturen er stadig synkande og  vinden sende raude, brune og gule blad avgarde i ei vill ferd før dei legg seg godt tilrette på plattingen, helst rett uttafor inngangsdøra mi.
Stearinlys og joggebukse er blitt fast kvar kveld, helst ifølge med kaffi, datamaskin og ei god bok.

Trist er no det når mørke kjeme sigande tidlegare og tidlegare etterkvart som vi nærma oss vinterhalvåret. Hausten bringe meg seg slutten på nabopraten over hekken kl 12 på kvelden, kveldstura i seine , opplyste natte tima, kveldsbad og vin  kos på altanen.

Hausten er og slutten på årets fotballsesong. Gutane og trenarane begynde nok å bli fornøgde, utetrening i kuling og regn er liksom ikkje like fristande som trening under blå himmel og varmande sol, sjølv om vi har fått kunstgras på Hasundgot.
Heldigvis ser det ut til at Hødd er i rute til opprykk og jammen ser det ut som Åfk klare seg i eliteserien....mmmm.

Vel, vel haustmørke og vinter er vel ikkje til å unngå.
Fyr i peisen, varme kakao, blogg , strikketøy og fint skiføre skal vel bidra til at vi overleve denne gangen og.

Ha ein fin haustkveld alle mann :-)
                  
                                   


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar