Rare diskusjonar på pauseromet......

                     
                         
                                                  
" den største gleda vi har er å gjere andre glad "

Av alle rare tema som har våre utsatt for gransking på vårt kontor er vel dette gamle, gode ordtaket det som har enda med mest frustrasjon.
For meg har det alltid våre ein positiv og god leveregel, men i løpet av ein kort halvtimes lunsj pause var gleda og den positive effekta  fjerna!
Trua på ein eigen moral hadde fått seg ein knekk og eg måtte revurdere heile mitt syn på denne gylne leveregel.

Når ein les eller høyrer dette ordtaket ser det rett fram ut. Alt vi gjer for andre gjer vi får å glede dei..........trudde eg, men nei da. Ifølge min fillosofiske kollega finns det ei heilt anna tolking av denne , før så positivet, leveregel.
Når ein ser nøyare på det, ord for ord , del for del, gjerne lest baka frå og fram,  så står det eigentleg at alt vi gjer for andre - for å glede andre - er gjort av den enkle ,egoistiske grunn : å glede oss sjølve !
Hmmmmm, har du hørt sant! Ikkje i min villaste fantasi velger eg å tru at det er meininga med dette ordtaket.

Nesten så at EG ; snilde , rolege, sindige meg , blei hissig. Tenk å påstå at alt eg gjorde for å glede andre eigentleg er gjort for å glede meg sjølv...................uff og huff.
Nei , den tanken vart rett deprimerande.
Trur eg kryp tilbake under eit slør av "likgyldigheit " , latar som diskusjonen aldri tok plass og kosar meg med at:

" den største gleda vi har er å gjere andre glad "

( helt uten baktanka til og med..... )
                  
                          
                                       

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar