Finurlige nyheiter

               
                                                           
På arbeidspalssen min durara radioen i veg heile dagen. Innstillinga er låst på P1 og eg kan med handa på hjerte seie at programmet er forutsigbart og traust.
Overaskinga var difor stor då eg spissa øyrene og skjerpa sansene av nyskjerrigheit igår.

I føge P1 er ein ny trend i startgropa på annonsefronten i avisene : "VI SKAL SKILLAST"  annonse!

Kven, kva og kvifor datt det då inn i mitt vesle hovud.
Kven kan finne på å bruke dette tilbodet?
Kva er tanken bak ?
Kvifor treng vi dei ?

Rimelig overflødig informasjon, i allefall i ei lokalavise, i mine auge.
Ut frå min spinkle erfaring på området så vil eg våge å påstå at ei foreståande skilsmisse i nabolaget ( vårt ) er ferdig debatert lenge før skilsmissa er ein realitet !

Men, men. Annonsene er altså komt, då blir selfølgelig den neste tanken som landar, i min til tider kaotiske hjerne - kva skriv ein i ei slik annonse ?

" I dag, tysdag 16.03.10 tek Per og Kari ut skilsmisse i Ålesund Tinghus. Feiringa....."

Mmmm
Nei, får berre håpe at begge parta er oppdatert på situsjonen når avisa går i trykken. Visst ikkje.........

           
         

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar