Mars.......

       
1 mars opprant med eit strålande vinterver. Blå himmel , sol og minusgrade. Fortsatt ( altfor ) mykje snø og eit fantastisk skiføre. 
Einaste problemet er at eg har begynt å vente på våren. Eg tek meg i å sjå lengtande etter dei fyrste små vårteikna, snøklokke som kikar fram i vegkanten, krokusar som banar seg veg mellom snøflekkane og små, grøne øyre som gjer seg synleg på bjørka.
Idag, 10 mars, har eg enda ikkje funne eit einaste vårteikn! Ikkje ei einaste lita snøklokke eller ein einaste liten krokus og bjørka står enda utan eit lite hint av grønt.
Det nærmaste vi kjem eit vårteikn er vel veromslaget vi har hatt den siste veka,. Vi har fått tilbake vårt  "normale "sunnmørsver for denne årstida;  regn, sludd, is, slaps og vind i ei salig blanding!
Det einaste positive eg har å  trøste meg med er at morgenen er lysare og kveldane lengre, noko som gir eit stakkars håp om varmare kose kveldar i fjørekanten ilag med vener og naboar over ein kopp kaffi eller eit glas vin.

Eit anna sikkert vårteikn , som eg kanskje kunne vere foruten, er innkallingar til komitear og dugnadar i alle variantar.
Denne veka sjonglerer eg kveldane mellom 17 Mai komite, sykkelritt arrangemang, styremøte i handball gruppa for å planlegge avsluttning på sesongen og møte for å starte opp fotball sesongen.
Jau da, vårteikna er der vel når ein berre ser, problemet ligg vel i at det er feil "vårteikn". 
Nei, vi får satse på at snøen regnar vekk og snøklokker og krokusar rekk å stikke hovudet ut av marka før alle "erle ridene " sett inn, syns å erindre det skal vere 11 av dei så vi har nok mykje snø i vente enda........

Målet får vere at sykkelrittet går på bære vegar ( kan bli dramatisk med holke rundt Gurskøya - gale nok med den konstante motvinden og Leikongbakken ),
at 17 Mai blir feira utan ullkle, broddar og sydvest,  
at handball sesongen blir avslutta med stil og at fotballsesongen til gutta kjem igang!
Husbonden er i allefall glad for det sikraste vårteikne av alle som kjem til helga ; SESONG START i eliteserien, berre synd at Hødd spelar i 2 divisjon.....

Nei, eg får sjå framover.
Vi har heldigvis fått årets sydenferie på plass, eg har booka meg ein liten svipptur til Oslo i april og heldigvis har eg eit heilt år før eg har ein konfirmasjon hengande nedover skuldrane .............


                                       

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar