Skitur i fantastisk vinterver

Vakna opp til ein strålande vintermorgen med -2 grade, blå himmel og sol. Pakka med meg gangsperra ( etter fyrste handballtrening på 1 1/2 år...) , mann, to lettare misfornøgde guta , varm kakao og kvikkklunsj. Turen var bestemt - Mosvarden !
Ein fantastisk tur , sola varma,ungane storkosa seg og føre var skarpt. Mannen traff med smøringa så turen opp bakkane gjekk lett, men turen ned kan vel dikuterast litt meir. Veit ikkje heilt om eg skal skylde på gangsperra eller ferdigheitene......men eg hadde ihvertfall eit fantastisk fall. Eit tappert forsøk på ein baklengs salto som enda hardt å brutalt, flatt på ryggen med skina høgast! Kan vel berre vere glad for at kameraet var godt plassert i min høgre jakkelomme......

No har vi varma oss i badstua, kosa oss med middag og ein kaffe latte, så no er vi klare til kveldens stafett i OL.

Nyt resten av vinterferia alle som er så heldige :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar