Tysdag......vekas verste dag



Dagen starta some ein heilt vanleg tysdag. "Autopiloten " slo seg på ide vekkarklokka ringde. Ut av senga, opp på badet, inn på kjøkkenet for å lage frokost + matpakka, vekke gutta, ramle ut gjennom døra, stable meg og to sure guta, ransela og gymbagga inn i bilen. Autopiloten svikta ikkje, gutane rakk skulen og eg kom meg på jobb med to min til overs ! ( Akkurat nok tid til å få starta maskina og skifte sko....)

Eigentleg synst eg tysdag er verste dage i veka. Helga er akkurat ferdig gjort og det er lenge til neste laurdag. Det er den dagen i veka eg får betale for seine kveldar og enda seinar morgena.

Ting har liksom ein eigen evne til å gå gale på tysdag. Eg blir (alltid) forsinka på jobb, kjem forseint heim og dermed skiplar eg ein nøye planlagt timeplan. Vi blir springande med tunga hengande ute for å rekke middag, fotballtrening, danse gruppe osv osv. Det slår aldrig feil, tysdag kveld rundt klokka ti sitt eg som eit slakt i godstolen !

Men idag, midt på dagen vakna kroppen av dvalen. Eg kom halsande rundt hjørne på kontert. Totalt uvitande om bilda ( dei brukte å henge på veggane rundt omkring på jobb ) som stod sirleg plassert langs veggen.


Hammarslaga gav gjennlyd og det "poppa" opp nye bilder rundt meg på alle kantar! Små og store, med nydelige motiv, fantastiske fargar og innrammingar......oi oi oi


Autopiloten kobla seg ut og sansane saug til seg dei nye inntrykka.
Tenk at noko så "lite" som nye maleri kan inspirere og endre motivasjon vår så enormt ! Stemmninga blant brukarane våre steig , praten og diskusjonen om den nye utsmykkinga gjorde dagen innhaldsrike på nye måtar.

Jauda, tysdagen blei normal på mange måter. Var omlag ein time forseint heim frå jobb, stressa med lekse, middag, fotballtrening og dans, men følelsen av å ha vandra rundt i eit "galleri " iløpet av dagen fylgde meg lenge.


Set allereide å gler meg til å studere bilda som er komt opp imorga. Spessielt det på venteromet, eller kanskje det på rom tre eller det som heng på treningsromet......


Hmmm, kanskje er det påtide å skifte ut litt bilde i heimen, har iallefall funne nokre eg kunne tenkje meg :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar