Trening.....

Som alle andre har eg nok , innerst inne , godt gøymt for dei fleste ( kanskje også for meg sjølv ..) eit nyttårsforsett om å trene meir, leve sunnare og stresse mindre. Etter ei Jul med soving, spising og kosing til alle døgnets timar er det vel dei fleste som føler behov for å " tøme " kroppen, og bedre samvittigheita. Når ein endeleg har latt seg innspirere til å kome igang med treninga startar dei verkelege problema.


Kva type trening skal ein velge! Muligheitene er mange, spinning, aerobic, styrke, core, fotball, handball, yoga , pillates osv osv. Når ein bli stilt ovanfor desse valga kjem det neste spørsmålet dettande inn i hovudet på meg : kvifor velger vi dei treningsformene vi gjer?

Spelar kjønnsbildet vårt inn her? Kvifor velger fleire menn enn kvinner helsestudio og vekter ? Og kvifor velger fleire kvinner enn menn yoga og pilates? Finns det ein typisk kvinneidrett og ein typisk manneidrett i dagens samfunn? Hmmmmmmmmmmmmm


Har frå sikre hald at dei fleste yoga timar i storbyen blir gjennomført med eit massivt overtal av kvinner. ( 18 kvinner på 2 menn, i allefall der ein ven av meg trener....) Berre denne fakta burde jo drage fleire menn til desse type timar! Dei eg kjenner av det motsatte kjønn ville ikkje ha noko imot ein sal full av damer som utfører styrke og tøye øvelsar i alle vinklar og stillingar .....( gjelde vel eigentleg andre vegen og det ..)


Eg har den siste veke plaga alle hankjønn i min omgangskrets med spørsmål om ulike treningsformer, 80 % av dei eg prata med ville ikkje tilstått for "kompisar " at dei trente yoga eller pilates frivillig !! Tenk det, i 2010 !Kvifor er det slik? Har yoga blitt ein " kvinneidrett"? Eller veit menn generellt for lite om denne treningsforma?


Eg er sjølv ein av dei som vil at svetten skal sile, at musklane skal brenne og at blodsmaken skal sitte igjen i munnen nokre timar etter avslutta treningsøkt. Prioriterar spinning og jogging, men..........eg køyrer også ca 4 timar pilates i veka! Er vel derfor ikkje i nokon possisjon til å dømme "mannfolk" som svettar, gryntar og stønner over vektene i sin søken etter den perfekte kropp, men.....innerst inne er eg vel glad for at dei fleste menn ikkje har oppdaga effekten og gleden med yoga og pilates.


Nei , alle damer som driv med pilates og yoga, lat oss halde hemmeligheita for oss sjøl! Tak imot dei få "mannebeina" som har sett lyset og tør seg innom døren med åpne armar! For dokke mannfolk som har prøvd å ikkje vil innrømme det - hald på hemmiligheita! Lat oss kvinner få føle oss overlegne i timane våre, men for all del fortsett å kom, alltid kjekt at der er noko å kvile augene på.......................



Lykke til med trening i 2010 alle mann, same kva du velger i mylder av tilbod !




1 kommentar:

  1. hehehehe.. so sannt so sannt..
    Masse fine treningsformer å velge i, balanse i livet å trening finn eg viktig.
    Yoga gir meg ro å fokus i livet, det er so mykje meir enn ei fysisk økt :)
    å er glad eg er ein av få menn på desse timane. :)

    SvarSlett