Samvittigheit......

Eg satte meg ned i godstolen, kroppen utmatta og fornøgd etter ei hard treningsøkt.
Åpne "Totem" , av Knut Faldbkken, for å fortape meg i dei siste groteske intrigene då svart samvittigheit skylde over meg som ein fullvoksen tsunami. Svetten pipla, eg banna og svor før eg spratt opp . Bok og brille landa i eit salig virvar på golvet, hunden spratt opp, rygga med halen mellom beina for å sleppe unda det verste nedslagsfeltet.
Grunnen:

Idag feira ei veldig god veninde, verdens beste arbeidskollega bursdagen sin. Var veldig flink med bursdagsklem og gratulasjonar idag tidelig - ingen problem der, men..................

Etter endt arbeidsdag satte eg meg i bilen, køyrde heim og tok livet med ro - heilt til eg heiv bakenden ned i godstolen.
Blomsterbuketten som var bestillt igår låg berre å venta på å bli henta for å bli overlevert til bursdagsbarnet, men kva skjedde.
Jauda, teflon hjerne slo til igjen!
" Synnøve" buketten ( god samarbeid med blomsterhandlaren ) ligg fortsatt fint med Angelsen, venta fortsatt på å bli henta!!!

Panikken greip om seg her i heimen, men det ordna seg , heldigvis - buketten hentar eg imorgon - køyre til Knotten og overlevera den ut på kvelden.
Får berre håpe hovudpersonen kan tilgi meg, får helder bestille dobbelt bukett til neste år!

Unnskyld
Bursdagsklem frå en angrande synndar

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar