Søndagskveld


Då var det gjort for denne gang, Juleferien er offisielt avslutta ! Gutane trampa rundt meg på desperat jakt etter matbokse, gymbaga, ransla, penalhus og brille etui. Galskapen har atter eingang teke over kvardagen.

I vårt hus kjem kvardagen like overaskande på oss etter kvar einaste ferie - plutselig er det papirarbeid som skal gjerast, telefon som skal takast og den febrilske leitinga etter skuleruta. Same spørsmål kvar gang ; er det vanlig skuledag imorga eller er det planleggeingsdag?

Heldigvis har eg kontakter på skulen , iallefall på skulen til minste mann. Ein rask sms er det som skal til - spenninga er like stor kvar gang , måeg ha barnevakt imorga eller går det bra? denne gangen gjekk det bra - normal skuledag.

Sitte i sofaen og filosoferer litt på kvardagen vår. Vi har det verken meir eller mindre travelt enn naboen, men vi føler det vel slik alle i perioder.

Bestemmte meg for å unngå nyttårsforsett i år, bortsett frå litt meir trening, litt mindre stressing.........


Har også gjort ein avtale med mannen min om å nyte ein rolig kopp kaffi ilag laurdag og søndagsmorgon - ingen ting skal planleggast og utførast før den er inntatt. No gjenstår det berre å sjå kor mange laurdagar det går før den avtalen er gløymt, eller utsatt for å rekke fotballtreningar, fotballkampar , danse timar og alt adet andre som kvardagen består av.



I allefall, trudde ikkje eg skulle føle det slik denne gang, men eg gler meg faktisk til å kom igang med normale aktivitetar att. Kome meg opp om morgenen, stresse avgarde med to morgensure gutar for å rekke skule og jobb.

Må vel til å leite fram klokka som eg parkerte på badet etter siste arbeidsdag før Jul.

Eg er så heldig å ha ein jobb der eg kan take del i andre menneskers kvardag, både på godt og vondt. Eg kan vere der for medmenneske mine i ei periode dei treng hjelp, bidra med mitt for å lette kvardagen og livsituasjonen deira.

Med denne filosofoske tanken på jobben min vil eg berre ønske alle dobbeltarbeidande, lett stressa husmødre, og fedre, lykke til med 2010. Håpe året blir fyllt med like mange gode minner og opplevelsar som 2009 .

Ha eit Godt år alle mann.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar