Julefred


1 Jannuar 2010!
Skal seie at denne jula har gått fort. To heile veker med ferie. Mykje tid ilag med familien, mykje tid til berre å kose seg.
Denne jula har vi virkelig klart å senke skuldrane. Mange lange og deilige frokosta, seine middaga med dessert ;-) ilag med familie og vener.
Julafta, den store dagen som vi har venta på sidan siste Julaft, hadde vi storfint besøk av svigermor og svigerfar. Gutane pynta seg i nye dressar, blankpussa sko og "gele" strigla hår! ( Les ; rufsete og villt hår ) Maten var vellyka, desserten likeså. Ungane venta tolmodig på at oppvasken var tatt og kaffien vart servert før vi starta med pakkane. Etter ein tre timers kamp mot julepapir, juleband og metervis med tape hadde alle fått absolutt alt dei ønska seg , pluss litt til.
Kunne det bli bedre........toppa det nesten med eit nydelig glas rødvin etter at podane hadde tatt kvelden.
Etter Julafta har det gått slag i slag med snømåking, aketura, skitura, snømann laging og avslapping.
Eine dagen bedre enn den føre. Veret og snøen har gjort juleidyllen komplett.
Einaste avbrudde frå ullskjorta og nytinga var ein særdeles vellykka 20 - års russefest på Hareid Hotell! Nekta å tru at det har gått 20 år. Synst ikkje nokon av oss bar preg av alderen! Alle var gjennkjennelege både på eine og hinn måten. Vi hadde ein flott kveld ilag med nydelig mat, passelige mengde vin og eit særs godt klientel.
Idag er det fredag 01.01.2010 - fyrste dagen på eit nytt år. Ferien går mot slutten - prøva enda å drage siste timane med "Julefred" ut av helga.
Når søndagskvelden kjem er velsiste julekaka fortært, champagne flaska tømt for siste dråpen og kroppen klar for å starte med normale aktivitetar.
Heldigvis berre nokre månadar til neste gang julebaksten og julevasken gjer sitt inntok i heimen.
I allefall - til dokke som kanskje har litt glede av å lese litt om mine opplevingar-nyt siste dagane. Håper dokke har unngått for mange nyttårsforsett og planar om å endringar.
Eg har eit lite nyttårsforsett i år: ver lykkelig, nyt livet!
Så til alle : Godt nytt år , håper det blir fantastisk !

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar