Eit lite ord med stor betydning.
En kan vel trygt sei at eg ikkje har hatt inspirasjon til skriving den siste tida, eller det siste året. Trur siste innlegget eg hadde på bloggen min var i 2010!
Den siste tida har ting endelig endra seg. Overskuddet og skrivekløen er på vei tilbake. Kanskje ikkje dei same tema som tidlegare , men eg har funnet tilbake til ein lidenskap ( som har vore godt gøymd ...), ein lidenskap som har gjort at skrivekløa sakte men sikkert leita seg fram. Til irritasjon for nokre , men til glede for meg :-)


Nye fjellsko og ny fjellbukse er på plass og har blitt behørlig testa i all slags Vestlandsver.
Planane framover er mange. Fyrst og fremsta har eg ei liste med toppar med primærhøgdemeter over 50 som skal gjennomførast.
Skåla og Slogen er dei to neste og tilslutt, men aller viktigast blir nok Besseggen.
Er eg virkelig tøff og visst kroppen spelar på lag så kan det kanskje skje at eg prøvar meg på Liadalsnipa i all stillheit........
Ein ting er i allefall sikkert. Hadde det ikkje vore for opplevelsen 29 Desember så hadde eg vel enda vore godt på planleggingstadiet med årets fjellturar istadenfor å ha komt godt igang både i sol, regn, skumring og mørke .
Så Terje, Anne og Arnt , Tusen takk !
![]() |
Håper på fleire slike opplevelsar !! |