Kvardagens luftlomme......

Eg, som omtrent alle andre hokjønnpå min alder i Noreg, er medlem av ei forening. Ein gjeng med damer som samlar seg med jamne mellomrom for å spise mat og prate litt.

Vi troppar opp med forventningar om å bli oppdatert på siste nytt om naboa, naboa til naboen, diverse slektningar, vanskelege kollega, travle unga og håplause mannfolk.
Vi har bevega oss frå tema som bryllaup, bleiemerke, bleieutslett, ammeteknikkar, barnehagar og fyrste skuledag til hormonelle tenåringar, ungdomskule, lommepenga, kjærestar og " corfu ".

Vi har brukt dei siste 14 åra på å verte "voksne" ilag.
Vi har vore der for kvarandre gjennom skilsmisse, oprasjonar, utbrentheit og alvorlege sjukdomar.

Tempraturen kan bli rimeleg høg til tider , vi kan ergre oss over kvarandre og våre forskjellige meiningar og oppfatningar av saker, men på enden av kvelden før vi går kvar vår veg, er vi alle velfornøgde og like gode venar som før.
Einaste negative er at onsdag morgon, etter tysdag`s klubbkveld, kjem så altfor fort.

Eg gler meg allereide til neste gang. Gler meg til å synke ned i sofaen med kaffikoppen, lytte til alle rundt meg og kjenne på fellesskapet og vennskapet som jagar vekk kvardagens stress og mas !

Så til alle mine klubbveninder - takk for nok ein flott tysdags kveld !

Skremt av meg sjølv....

Vise menn har slått fast at stress påvirkar kortidshukommelsen vår i negativ retning. Har ( desverre ) fått erfart at dette er tilfelle idag . ( håper det er grunnen i allefall.......)
Heilt sidan eg lærte meg å gå har eg hatt ein "lettare " fasinasjon av sko. Sko i alle fargar og fasongar. Sko med høge helar og lave helar. Joggesko til inne bruk og ute bruk. Skoletta og støvelettar, ja lista er uendeleg.
I fylgje mannen min er fasinasjonen min med sko litt høgare enn gjennomsnitte i befolkninga ! ( meir altoppslukande..........)
I allefall. På kontoret med oss er vi to som lide av same sjuka, så kva er da meir naturleg å gjere når vi ein sjeldan gang har lunsj ilag ? Jauda - vi surfa på nettet på jakt etter nyeheite på sko fronten. Ikkje noko unormalt i det !
Det hende også at vi finn noko som vi berre må ha!
Ugg`s er ein av dei tinga. I hvertfall dei vi fann........
Ting skjer ganske fort når vi bestemmer oss og vips så var to par ugg`s på vei frå Kina til Hareid......pr postordre! ( Lurt å få levert dei på jobb, vi må no skjule litt frå våre bedre halvdelar :-) )
I dag tikka det inn ei melding frå " my partner in crime " , hentelapp på posten!
Joho - klart eg kunne hente! Måtte berre bli ferdig med ettermiddagens liste, papir arbeid og telefon runde.....
Ingen problem der, eg gjorde meg ferdig på jobb, henta helgas blomsterbukett frå Floriss, satte meg i bilen og køyrde heim i takt med Anastacia for å starte på helgavasken. Heilt normal fredag.
Overaskelsen var stor då realitetane kom frå Knotten via ei tekstmelding.
" Fekk du henta- var dei kuule ?"
Hjerna var totalt blank ei lita stund, men så........
Hjelpe å trøste meg!
Pakken var gløymt, skona frå Kina som vi berre måtte ha, var gløymt!
Er det rart eg tvila på min mentale tilstand......
Offa då, trur vi var like sjokka begge to.
Kva kan ein seie, nei best å sige ned i stresslessen med eit glas vin for å bearbeide sjokket.......
Det er bra eg har huska å bestille flybillett til Oslo, ein kan no aldrig vite....

Tysdag......vekas verste dag



Dagen starta some ein heilt vanleg tysdag. "Autopiloten " slo seg på ide vekkarklokka ringde. Ut av senga, opp på badet, inn på kjøkkenet for å lage frokost + matpakka, vekke gutta, ramle ut gjennom døra, stable meg og to sure guta, ransela og gymbagga inn i bilen. Autopiloten svikta ikkje, gutane rakk skulen og eg kom meg på jobb med to min til overs ! ( Akkurat nok tid til å få starta maskina og skifte sko....)

Eigentleg synst eg tysdag er verste dage i veka. Helga er akkurat ferdig gjort og det er lenge til neste laurdag. Det er den dagen i veka eg får betale for seine kveldar og enda seinar morgena.

Ting har liksom ein eigen evne til å gå gale på tysdag. Eg blir (alltid) forsinka på jobb, kjem forseint heim og dermed skiplar eg ein nøye planlagt timeplan. Vi blir springande med tunga hengande ute for å rekke middag, fotballtrening, danse gruppe osv osv. Det slår aldrig feil, tysdag kveld rundt klokka ti sitt eg som eit slakt i godstolen !

Men idag, midt på dagen vakna kroppen av dvalen. Eg kom halsande rundt hjørne på kontert. Totalt uvitande om bilda ( dei brukte å henge på veggane rundt omkring på jobb ) som stod sirleg plassert langs veggen.


Hammarslaga gav gjennlyd og det "poppa" opp nye bilder rundt meg på alle kantar! Små og store, med nydelige motiv, fantastiske fargar og innrammingar......oi oi oi


Autopiloten kobla seg ut og sansane saug til seg dei nye inntrykka.
Tenk at noko så "lite" som nye maleri kan inspirere og endre motivasjon vår så enormt ! Stemmninga blant brukarane våre steig , praten og diskusjonen om den nye utsmykkinga gjorde dagen innhaldsrike på nye måtar.

Jauda, tysdagen blei normal på mange måter. Var omlag ein time forseint heim frå jobb, stressa med lekse, middag, fotballtrening og dans, men følelsen av å ha vandra rundt i eit "galleri " iløpet av dagen fylgde meg lenge.


Set allereide å gler meg til å studere bilda som er komt opp imorga. Spessielt det på venteromet, eller kanskje det på rom tre eller det som heng på treningsromet......


Hmmm, kanskje er det påtide å skifte ut litt bilde i heimen, har iallefall funne nokre eg kunne tenkje meg :-)