Fyrste dag....

Vi overlevde fyrste dag etter juleferien!
Alle matbokse påplass med niste, begge ransla pakka med penal og brille!

Fekk måka vekk snø, skrapa bil og plassert to trøtte, lettare sure guta i baksete. Rakk både barneskule og ungdomskule med god margin!
Einaste som ligg igjen heime er hue og hanska til eldstemann.........godt å vete ,vart sikkert gløymt med fullt overlegg..................

Sitte på jobb med heile 10 min tilovers før arbeidsdagen begynde !
God start på det nye året.
Blir vel verre imorga tenke eg..........................

Søndagskveld


Då var det gjort for denne gang, Juleferien er offisielt avslutta ! Gutane trampa rundt meg på desperat jakt etter matbokse, gymbaga, ransla, penalhus og brille etui. Galskapen har atter eingang teke over kvardagen.

I vårt hus kjem kvardagen like overaskande på oss etter kvar einaste ferie - plutselig er det papirarbeid som skal gjerast, telefon som skal takast og den febrilske leitinga etter skuleruta. Same spørsmål kvar gang ; er det vanlig skuledag imorga eller er det planleggeingsdag?

Heldigvis har eg kontakter på skulen , iallefall på skulen til minste mann. Ein rask sms er det som skal til - spenninga er like stor kvar gang , måeg ha barnevakt imorga eller går det bra? denne gangen gjekk det bra - normal skuledag.

Sitte i sofaen og filosoferer litt på kvardagen vår. Vi har det verken meir eller mindre travelt enn naboen, men vi føler det vel slik alle i perioder.

Bestemmte meg for å unngå nyttårsforsett i år, bortsett frå litt meir trening, litt mindre stressing.........


Har også gjort ein avtale med mannen min om å nyte ein rolig kopp kaffi ilag laurdag og søndagsmorgon - ingen ting skal planleggast og utførast før den er inntatt. No gjenstår det berre å sjå kor mange laurdagar det går før den avtalen er gløymt, eller utsatt for å rekke fotballtreningar, fotballkampar , danse timar og alt adet andre som kvardagen består av.



I allefall, trudde ikkje eg skulle føle det slik denne gang, men eg gler meg faktisk til å kom igang med normale aktivitetar att. Kome meg opp om morgenen, stresse avgarde med to morgensure gutar for å rekke skule og jobb.

Må vel til å leite fram klokka som eg parkerte på badet etter siste arbeidsdag før Jul.

Eg er så heldig å ha ein jobb der eg kan take del i andre menneskers kvardag, både på godt og vondt. Eg kan vere der for medmenneske mine i ei periode dei treng hjelp, bidra med mitt for å lette kvardagen og livsituasjonen deira.

Med denne filosofoske tanken på jobben min vil eg berre ønske alle dobbeltarbeidande, lett stressa husmødre, og fedre, lykke til med 2010. Håpe året blir fyllt med like mange gode minner og opplevelsar som 2009 .

Ha eit Godt år alle mann.

Julefred


1 Jannuar 2010!
Skal seie at denne jula har gått fort. To heile veker med ferie. Mykje tid ilag med familien, mykje tid til berre å kose seg.
Denne jula har vi virkelig klart å senke skuldrane. Mange lange og deilige frokosta, seine middaga med dessert ;-) ilag med familie og vener.
Julafta, den store dagen som vi har venta på sidan siste Julaft, hadde vi storfint besøk av svigermor og svigerfar. Gutane pynta seg i nye dressar, blankpussa sko og "gele" strigla hår! ( Les ; rufsete og villt hår ) Maten var vellyka, desserten likeså. Ungane venta tolmodig på at oppvasken var tatt og kaffien vart servert før vi starta med pakkane. Etter ein tre timers kamp mot julepapir, juleband og metervis med tape hadde alle fått absolutt alt dei ønska seg , pluss litt til.
Kunne det bli bedre........toppa det nesten med eit nydelig glas rødvin etter at podane hadde tatt kvelden.
Etter Julafta har det gått slag i slag med snømåking, aketura, skitura, snømann laging og avslapping.
Eine dagen bedre enn den føre. Veret og snøen har gjort juleidyllen komplett.
Einaste avbrudde frå ullskjorta og nytinga var ein særdeles vellykka 20 - års russefest på Hareid Hotell! Nekta å tru at det har gått 20 år. Synst ikkje nokon av oss bar preg av alderen! Alle var gjennkjennelege både på eine og hinn måten. Vi hadde ein flott kveld ilag med nydelig mat, passelige mengde vin og eit særs godt klientel.
Idag er det fredag 01.01.2010 - fyrste dagen på eit nytt år. Ferien går mot slutten - prøva enda å drage siste timane med "Julefred" ut av helga.
Når søndagskvelden kjem er velsiste julekaka fortært, champagne flaska tømt for siste dråpen og kroppen klar for å starte med normale aktivitetar.
Heldigvis berre nokre månadar til neste gang julebaksten og julevasken gjer sitt inntok i heimen.
I allefall - til dokke som kanskje har litt glede av å lese litt om mine opplevingar-nyt siste dagane. Håper dokke har unngått for mange nyttårsforsett og planar om å endringar.
Eg har eit lite nyttårsforsett i år: ver lykkelig, nyt livet!
Så til alle : Godt nytt år , håper det blir fantastisk !